Styret i nystifta Bjørnafjorden Frp. (Privat foto)

Vil styra Bjørnafjorden Frp etter ferskt vedtak

Stort oppmøte - og eit politisk vedtak - då partia i Os og Fusa slo seg saman i kveld.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lokalpartia i Os og Fusa slår seg saman eitt etter eitt før valet i 2019 og kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

I kveld var det Fremskrittspartiet sin tur.

– Vi var jo førebudd, så det som var mest spennande var oppmøtet. Nærmare 50 på møte synest vi er bra, seier Terje Søviknes.

Os og Fusa hadde årsmøte kvar for seg. Reint teknisk har rundt 40 år gamle Os Frp skifta namn til Bjørnafjorden Frp, og innlemma Fusa.

Sjå liste over styremedlem under.

Vedtak mot eigedomsskatt

Stiftelseskvelden gjorde Bjørnafjorden Frp også eit vedtak.

– Vi vedtok ein resolusjon mot eigedomsskatt. Denne seier nei til eigedomsskatt i heile kommunen frå 1. januar 2020.

– Vi ønskjer ingen nedtrapping, slik det har vore diskutert. Å krevja skatt frå eit utval av innbyggarane, ut frå adresse, blir i våre auge heilt feil, seier Søviknes.

Resolusjonen gjeld både bustadar, hytter og næringsbygg i dagens Fusa kommune, tilsvarande slik det er i Os i dag. I 2019 har Fusa kommune budsjettert med 14 millionar kroner i inntekter frå eigedomsskatt.

– Dette må naturlegvis dekka inn, og det meiner vi det er rom for å gjera.

Det nye styret

Leiar: Gustav Bahus
Organisatorisk nestleiar: Laila Marie Reiertsen
Politisk nestleiar: Magne Djuvik
Kasserar: Roald Stigen
Studieleiar: Magne Djuvik
Medlemsansvarlig: Laila Marie Reiertsen
Styremedlem: Egil Rosvoll
Styremedlem: Espen Aspenes
Styremedlem: Carl-Johan Haugen
Styremedlem: Ove Frotvedt
Styremedlem: Eva Sandtorv

1. vara: Tore Kleppe
2. vara: Thrude Scheie Mellingen
3. vara Arne Ådland

Bjørnafjorden Frp skal ha nominasjonsmøte i februar 2019.


Fleire saker