Lokal | 10. okt. 2014

Styrer mot balanse

Rådmannen rapporterer i 2. tertialrapporten om eit driftsrekneskap i balanse. Finansinntektene kan gje kommunen eit overskot samla sett.

Styrer mot balanse
Rådmann Knut Terje Rekve presenterar i 2. tertialrapporten ei prognose om at kommunen går i balanse på driftsrekneskapen i 2014 (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. okt. 2014 10:14

Rådmann Knut Terje Rekve legg i desse dager fram sin rapport for drifta i kommunen per 2. tertial til politisk handsaming. Overordna ligg kommunen an til eit år i balanse.

– Ved utgangen av 2. tertial kan vi leggja fram ein rapport der dei tenesteproduserande einingane i sum ser ut til å gå i balanse i 2014.

– Rådmannen er nøgd med dette, for driftsrammene er stramme over heile linja.

– Spesielt er det positivt at tenesteområde for Oppvekst og kultur no ser ut til å få kontroll over økonomien etter nokre år med underskot, skriv Rekve i sin rapport.

Likevel overskot

Sjølv om drifta ser ut til å gå i balanse, ligg kommunen an til å få eit overskot også i 2014, takka vera finansinntektene.

– Finansområdet ser lovande ut, med fortsatt låge renteutgifter og så langt god avkasting på finansporteføljen. Pr. august er avkastinga 12,2 mill. kr (kr null i budsjettet).

– Finansmarknadene har stort sett utvikla seg positivt hittil i år. Aksjemarknaden balanserer mellom positive og negative nyhende. På den negative sida er det geopolitisk uro, og svak vekst og lav inflasjon i Euroområdet som trekk ned. På den positive sida finn vi god vekst i amerikansk (og til dels britisk) økonomi, forklarer rådmannen.

Skattesvikt

Som han rapporterte allereie i byrjinga av september ligg kommunen an til å gå på ein skattesmell inneverande år.

– Til ei forandring er det skatteinntektene som i år blir utfordringa. Skatteinngangen i Os ser så langt god ut, men på landsbasis er skattesvikten monaleg. Dette vil få konsekvensar og for Os ettersom det skjer ein utjamning av skatteinntektene mellom kommunane.

– Først vart skatteprognosen redusert frå 3,7 % til 3 % i revidert nasjonalbudsjett, men utover sommaren har faktiske skattetal vist ein vekst på berre 2,1% for kommunesektoren.

– Prognosane vi har i dag viser at kommunen kan få ein svikt i frie inntekter på 3 – 8 mill. kr.

Vil laga pensjonsfond

I oktober i fjor bestemte kommunestyret seg for å flytta den kommunale pensjonsordninga til KLP etter at Storebrand hadde sagt opp pensjonsavtalen med Os kommune.

– Ved utarbeiding av budsjettet for 2014 var det kjent at Storebrand hadde sagt opp pensjonsavtalen med Os kommune, men det var enno ikkje teke stilling til korleis kommunen skulle forholda seg til dette.

– Kommunen fekk aldri nokon pensjonsprognose for 2014 frå Storebrand slik som for dei to andre ordningane (KLP sjukepleiarordninga og Statens pensjonskasse), og i arbeidet med budsjettet valte administrasjonen å leggja til grunn same pensjonssats som for KLP sjukepleiarordninga.

– I samband med at vi no har fått pensjonsprognose for 2015 frå KLP for både sjukepleiarordninga og fellesordninga, ser vi at premienivået for fellesordninga ligg monaleg lågare enn det som vi har lagt til grunn i budsjettet for 2014.

– Det ligg soleis an til ei større innsparing på pensjonsutgifter i 2014.

– Det er imidlertid sterke signal om at kommunesektoren sine pensjonskostnader vil auka kraftig om vi ser eit par år fram i tid, mellom anna som følgje av krava til Solvens II som vil auka kravet til eigenkapital i ordninga, skriv rådmann Knut Terje Rekve.

Rådmannen rår difor i tertialrapporten til at innsparingane i pensjonsutgiftene blir satt av til eit pensjonsfond for å ta høgde for dei auka pensjonsutgiftene ein ser koma i åra som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.