Det var tynt i rekkene mens Suzanne Vega sto på scenen i 21.30-tida fredag kveld. (Foto: Andris Hamre)
Det var tynt i rekkene mens Suzanne Vega sto på scenen i 21.30-tida fredag kveld. (Foto: Andris Hamre)

Styret i Osfest: Markant nedgang i billettsalet

Osfest går mot negativt resultat etter publikumssvikt på årets festival.

Kjetil Vasby Bruarøy
26. august 2016 - 10:14

Styret i Osfest fortel om vellykka gjennomføring og utelukkande positive tilbakemeldingar under og etter årets festival.

Men to veker etter festivalen er det no klart at inntektene har svikta, trass rekordmange 5000 på konserten med Marcus og Martinus på dagtid laurdagen.

– Vi har hatt ein markant nedgang i billettsalet både fredag kveld og laurdag kveld samanlikna med begge dei to tidlegare festivalane.

– Dette har også medført svakare inntekter på sal av mat og drikke, fortel styret i ei pressemelding.

Uventa nedgang

Osfest seier at det er billettsalet i døra som har svikta, mens førehandssalet faktisk var betre enn tidlegare.

Førehandssalet utgjer likevel så liten del av totalen at styret seier «nedgangen skyldes omstendigheter vi ikke kunne forutse eller påvirke».

Les òg: – Må sjå på programmet

Jobbar med å få alt i hamn

– Festivalen jobbar no aktivt, så løysingsorientert som mogleg og, ikkje minst, heilt etter boka, for å få alt i hamn.

– Vi ønskjer å arrangera Osfest 2017, men er avhengige av at samarbeidspartnarane våre òg er løysingsorientert i perioden framover.

Styret ventar å ha full oversikt i løpet av oktober, før den tid blir det vanskeleg å koma med klare tal eller yttarlegare informasjon om den økonomiske situasjonen i Osfest AS.

– I våre førebelse forhandlingar med gjenstående kreditorar har vi grunn til å sjå lyst på situasjonen, men festivalen vil truleg få eit etterslep, opplyser styret.

Dette var årets namn på hovudscenen:

Fredag 5. august: Vamp, Frode Alnæs, Suzanne Vega, Nik Kershaw og Odd Norstoga.

Laurdag 6. august: Donkeyboy, Sigvart Dagsland, The Holy Ghosts, Neil Finn og Mike & the Mechanics.

Midtsiden samleside: Osfest