Lokal | 07. sep. 2018

Styrka leiing på lensmannskontoret

Aukar frå 1 til 4 politioverbetjentar - fordelt i ny struktur.

Styrka leiing på lensmannskontoret
F.v.: Dyrdal, Bakke (leiar sivil avdeling), Becker, Fimreite, Grindstein og Hadler-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. sep. 2018 12:11

Sissel Becker er ny politioverbetjent ved Os lensmannskontor. I tillegg har Rune Fimreite og Christine Grindstein stige i gradane, frå førstebetjent til overbetjent, ein tittel Audun Hadler-Olsen var åleine om til august.

– Saman med styrka leiing har vi organisert oss på ein ny måte, noko vi reknar med skal gjera oss endå meir effektive, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Austevoll er del av same lensmannsdistrikt, her er framleis tidlegare lensmann, Per Nordstrand, overbetjent. Han har med seg førstebetjent Vidar Mjåtvedt.

I Os er Thomas Juulseth førstebetjent, det same er Anne Lyssand og Kenneth Rastad, kor dei to sistnemnte for tida er engasjerte i eksterne prosjekt og stillingar i politiet.

Analyse og organisert kriminalitet

Sissel Becker er fødd i Oslo, har vakse opp i utlandet og har foreldre frå Nordfjord. Ho har jobba fleire år i Oslo, med etterretning og organisert kriminalitet, og har òg erfaring frå PST.

Etter nokre år i det sivile, som granskingsleiar for Statoil, kom ho tilbake til politiet, i håp om jobb i Bergen.

– Då det ikkje var ledig i Bergen blei eg seksjonsleiar i Skien. Der jobba eg både med analyse og operativt, slik alle vi politioverbetjentane vil gjera i Os framover, seier Becker til Midtsiden.

Ho var innom operasjonssentralen i Vest politidistrikt før ho fekk jobb ved Os lensmannskontor, ein jobb ho starta i 1. august. I tida ho jobba for Statoil budde ho i Os, på Skeie, no bur ho og mannen i Bergen.

Delt i fleire fagområde

I samband med politireforma var lensmann Dyrdal leiar for den interne arbeidsgruppa i Vest politidistrikt, som hausten 2016 kom med si tilråding til ny inndeling av geografiske tenesteeiningar.

– Reforma handlar ikkje berre om struktur, men om kvalitet. Der er det gjort mykje, og det skal bli gjort meir, seier Dyrdal.

Han nemner prosjektet Rastad er del av, «politiarbeid på staden», som eksempel.

Ny organisering internt skal òg vera med på å gjera drifta meir effektiv.

– Vi kan alltid be om meir pengar, men vi må uansett sørgja for å bruka ressursane våre mest mogleg effektivt.

Os og Austevoll lensmannsdistrikt blir no organisert med ulike fagleiarar:

• Hadler-Olsen får ansvar for forebygging mens Becker overtar som straffesaksansvarleg.
• Fimreite blir fagleiar operativt mens Grindstein blir innsatsleiar. I tillegg er Thomas E. Juulseth leiar for eige fag, seksuelle overgrep (SO).

I juni 2017 fekk alle kommunane i Noreg eigen politikontakt. Politikontaktane skal bidra til eit tettare og meir systematisk samarbeid med lokale aktørar, frå det offentlege til næringsliv og frivillige lag. I Os er det Hadler-Olsen som er politikontakt.

Vanskelege prioriteringar

Dyrdal fortel vidare om prioriteringar frå sentralt hald, og den vanskelege balansen mellom etterforsking og beredskap.

– Beredskap er eit krav, samtidig krev etterforsking av tunge saker mange ressursar.

Tunge saker kan det bli når vald og seksualisert vald, spesielt mot born og utsette grupper, står på prioriteringslista.

– Dette er vel noko av det viktigaste politiet prioriterer.

På den same lista står arbeidsmarknadskriminalitet og retur av utanlandske kriminelle.

– Kriminalitetsbildet endrar seg stadig, og krev både kunnskap og, i periodar store ressursar. Samtidig har eg tilsette som brenn for at Os og Austevoll skal vera trygge stadar å bu.

– Med ny struktur står vi betre rusta til å bruka ressursar der det er størst behov, med ei brei leiing som held kontinuerleg dialog og samarbeid på tvers av kvar sine fagområde. Politiet vil aldri vera optimalt bemanna til å kunna løysa alle oppgåver og kriminalitet, noko som betyr at det kvar dag må prioriterast strengt. Dette er veldig krevjande, då vi ideelt sett skulle hatt det sånn at alt blei behandla og prioritert likt, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.