Lokal | 09. okt. 2009

Styrkar brygga

Vedlikehaldsarbeidet på gjestebrygga i Os sentrum held fram. I dag er det støyping i sjø.

Styrkar brygga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 07:55

Bildeserie:

1 av 4

- Vi har vore og støypt tidlegare òg. Medan vi pumpa i så taut det opp av blomsterbeda, så det var tydeleg at sjøen hadde vaska vekk mykje masse under brygga, fortel Kristian Borgen frå Brødrene Borgen Ferdigbetong.

Fredag morgon var han på plass saman med Erik Johannessen og Roald Moberg frå Vestafjell, som har hatt oppdraget med vedlikehald av gjestebrygga. Arbeidet har gått i periodar frå nyttår, og inkludert blant anna gjenoppbygging av øydelagte delar av brygga, utstifting av bord og støyping av nye fundament.

I dag fyller Vestafjell og Brødrene Borgen på med betong for å festa nye masser og tetta hol der bølgjene kan ta tak.

- Eg har fire kubikk med meg i bilen, og må nok henta eit lass til. Det er vanskeleg å seia kor mykje som går med til denne type støyping.

- Kor lang tid brukar betongen på å herda i sjøvatn med hausttemperatur?

- Kortare tid enn på land. Fuktg miljø gjev god herding, seier Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.