Sport | 29. okt. 2010

Styrkar stallen

Lysekloster mannar opp til neste års målsetnad, opprykk til 4. divisjon, med to etablerte 2. divisjonsspelarar.

Styrkar stallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. okt. 2010 13:55

Torbjørn Birkelund (28) og Kim Idar Krogsethagen (27)går frå Fana til Lysekloster. Dei to blir viktige spelarar for Lysekloster sitt A-lag samstundes som dei skal trena andrelaget saman med det nyoppretta juniorlaget til klubben.

- Vi har vore på jakt etter to leiartypar som samstundes er gode fotballspelarar, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Samdal held fram
I haust bestemte Lysekloster seg for å starta juniorlag både på gute- og jentesida.

- Bjørn Samdal, som har trent gutelaget og leia andrelaget vårt i kamp, blir med vidare, men ville ikkje halda fram som hovudtrenar når gutane no blei juniorar. Derfor er vi veldig glade for at både Torbjørn og Kim Idar vil koma frå Fana til oss.

Spiss og midtbane
Torbjørn Birkelund er frå Sotra og spelte for både Øygarden og Nest-Sotra før han for fire år sidan gjekk til Fana. Kim Idar Krogsethagen kjem utanbys frå, men spelte i Varegg før han for halvtanna år sidan kom til Fana.

Fana rykte som kjent ned saman med Os til 3. divisjon i år.

- Torbjørn er ein typisk spiss, men speler også midtbane og i midtforsvaret, Kim Idar har mest erfaring frå midtbanen og midtforsvaret. Dei har i lengre periodar av sesongen vore kapteinsteamet i Fana.

Tar kurs i vinter
I vinter skal dei to ta Trenar 1-kurs parallelt med arbeidet med å trena med A-laget og å førebu det nye juniorlaget på første sesong.

- Eg trur det blir veldig kjekt for juniorane, og andrelaget, som dei også skal ha ansvar for, å få slike typar som trenarar.

Nytt opprykk?
Lysekloster, som rykte opp til 6. divisjon i fjor, hadde dobbelt opprykk med førstelaget og det nyetablerte andrelaget sitt i år.

- Har de mål om nytt opprykk allereie neste år?

- Ja, vi jobbar målretta for å koma oss vidare opp i divisjonssystemet så raskt som mogleg, seier Sandal, som neste år får blant anna Søre Neset å bryna seg på.

Stallen til Lysekloster skal elles vera stabil, alle nøkkelspelarar blir verande, men eit par forsterkingar til kan koma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.