Styrkar stallen vidare
Lysekloster hentar spelar med lang fartstid i 2. divisjon.
Torsdag kveld signerte Lysekloster avtale med Aleksander Andersen (26).
Andersen går frå Fyllingsdalen i 2. divisjon til Lysekloster, som hamna på 2. plass i sitt første år i 3. divisjon i 2013.
– Vi var også ute etter Aleksander i fjor, men då lykkast vi ikkje, seier dagleg leiar Ørjan Sandal.
– Trengte ein leiartype til
Fyllingsdalen-spelaren var innom trening med Lysekloster før jul og har no bestemt seg for å spela med laget der kameraten Øyvind Olsen er ein av trenarane.
– Aleksander speler i utgangspunktet midtstoppar, men vi kan også bruka han som back.
– Vi trengte ein type som han, ein til leiartype med lang erfaring i den ganske unge stallen vår, seier Sandal.
Henta keeper og keepertrenar frå Os
Lysekloster har også fått ein ny, ung keeper.
Henrik Mjelva, som fyller 16 år i år, går frå Os til Lysekloster, som no også har engasjert tidlegare keepertrenar for Os, Ketil Elvenes.
Frå før har Lysekloster styrka stallen med:
Chris Sunde Midtun (Bjarg)
Joakim Hjelmeland (Fana)
Preben Borgen (Os)
Ramo Racic (Os)
Simen Birkelund (Sotra)