Lokal | 24. mars 2018

Styrker skulehelsetenesta

Os kommune får nær 2,5 millionar til styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta.

Styrker skulehelsetenesta
Helseminister Bent Høie deler ut 330 millionar øyremerka til helsestasjon og skulehelsetenesta i kommunane (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. mars 2018 08:47

Regjeringa har i 2018 bevilga til saman 1,16 milliardar kroner til helsestasjon og skulehelsetenesta. I dette ligg det øyremerka tilskot på 307 millionar kroner.

– Helsestasjonane og skulehelsetenesta gjer ein svært viktig jobb med å hjelpe bar og unge som slit, og å følgje opp kvinner og familiar i barselsperioden. Eg er veldig glad for at kommunane byggjer ut dette tilbodet og satsar på barn og unge. Dei siste tala frå SSB syner ein kraftig vekst i årsverk for helsesøstre og jordmødre. Vi er likevel ikkje i mål og vil helde fram med satsinga, fortel helseminister Bent Høie i ei pressemelding.

Fleire får 100% stilling

Rett før helga blei det kjend at 227 av 267 kommune får tildelt midler. Av dei, Os kommune, som har fått innvilga 2.497.528 kroner.

– Vi er særs glad at søknaden frå Marita Wallevik i førebyggande tenester har blitt innvilga. Dette er ei viktig satsing for Os kommune, seier Eirik André Hesthamer (Frp), nestleiar i tenesteutvalet.

– Med desse prosjektmidla får vi blant anna styrka vårt arbeid med skulehelsetenesta på grunnskulane våre, kor fleire av dei no får ei helsesøster i 100% stilling. Denne styrkinga gjer at dei kan jobba mykje meir heilskapleg, og kan koma tidlegare inn hos elevar som slit med kvardagen.

Os og Kuventræ barneskular får helsesøster i 100% medan Nore Neset barneskule får helsesøster fem dagar i veka, men i noko redusert stilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.