Næringsliv | 02. mars 2011

Suksess med buss-cabriolet

Populært med sightseeing utan tak: Osbuss utvidar med nok ein cabriolet.

Suksess med buss-cabriolet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mars 2011 18:55

I desse dagar kjører Osbuss AS ungdomar frå Os til skidagar i Eikedalen. Men skibussen har blitt eit mindre viktig produkt for Arne Bogevik & Co, som no i vinterferien tenkjer mest på plussgradar og sommarsesong.

- Det var spennande å byrja med sightseeing i Bergen, travelt, men kjekt, spesielt sidan tilbodet blei så attraktivt, seier Osbuss-eigaren.

I fjor etablerte Osbuss AS eit dotterfirma for å kjøra turistrute i Bergen. City Sightseeing Bergen AS fekk konsesjon på ei spennande rute som gjekk 9 gongar per dag, 7 dagar i veka, frå mai til ut august.

- Vi hadde også turar utover dei annonserte rutene, den siste turen gjekk 17. oktober, seier trafikkleiar Kenneth Valle, som nok ein gong har vore til Barcelona for å kjøpa den litt spesielle buss-typen.

Buss utan tak

Bussen som blir brukt til å ta turistane rundt i Bergen er ein Iveco Mago 2 Cabrio. Cabrioletbussen har 34 sete, tak og ruter rundt førarposisjonen, men resten er utan veggar og ruter.

- Vi har kalesje som kan brukast som tak over passasjerane, men bussen har ikkje sideruter, så det blir som å vera utandørs. Det som er morosamt er at turistane koser seg også om det regnar, å bli våt blir som ein del av opplevinga.

Bussen går frå Skolten ein gong i timen, og stoppar på rundt 30 kjente plassar og attraksjonar i Bergen. Turistane kjøper dagskort (150 kroner) og kan då gå av og på som dei vil, On&Off-seightseeing, som det blir kalla.

GPS-styrt guide

I tillegg til tranportfunksjonen har bussane opptak med innleste lydspor om bord, informasjon om Bergen og plassane bussen kjører forbi, lest inn på åtte ulike språk.

- Vi har fleire samarbeidspartnarar i turistbransjen og fekk hjelp av Bergen Guide Service til å laga manus som seinare blei lest inn i studio.

- Avspelaren er styrt av GPS, slik at informasjonen kjem automatisk og til rett tid.

12 turar per dag

Arne og Kenneth fortel at seightseeing-prosjektet har vore ein lærerik prosess og at dei no ser fram til ein ny, travel sesong i Bergen.

- Cabrioletbuss nummer to kjem til Noreg no i vår og skal registrerast 16. mai. Så blir det rett i teneste.

Med utvida kapasitet blir det fleire avgangar, selskapet aukar frå 9 til 12.

- Vi kjem nok til å starta sesongen endå tidlegare i år, i april, og kjører eit stykke utover hausten. I tillegg har den første cabrioletbussen vore på nokre andre oppdrag, for firma, til bryllaup og til filminnspeling, seier Kenneth, og røper at Varg Veum skal fraktast til Fløyen i ein Mago 2 Cabrio i neste film.

Attraktiv og veksande arbeidsplass

Arne Bogevik hadde kjørt buss i 17 år då han i 1995 starta Os Minibuss Service. Året etter dobla han frå éin buss og seg sjølv som einaste tilsette til to bussar og to mann.

- Vi fekk ein ganske god start, med fleire faste kundar, som Solstrand Hotel og Bad, og skulerute i Hegglandsdalen, fortel han.

I 2006 blei det aksjeselskap og namnebyte til Osbuss, i 2008 kjøpte dei opp Centrum Bilutleige og deira fire bilar og eine limousine.

I dag har Osbuss AS og dotterselskapet Bergen City Sightseeing AS til saman 26 tilsette i 18 årsverk.

- Vi har vore heldige med dei tilsette og fått ein stabil stall av flinke folk som ser ut til å lika seg i jobben.

Ved sida av guideprosjektet kjører dei tre faste ruter i Bergen sentrum og fleire skuleruter.

- Men oppdrag frå firma og private utgjer framleis mest, over 50 prosent av omsetnaden kjem frå turar for bedrifter, kursdeltakarar, turistar og grupper med privatpersonar, fortel Arne Bogevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.