Lokal | 09. okt. 2012

Suksess med dinosaurar

– Vi ser veldig gode resultat og får fine tilbakemeldingar frå foreldra, seier Gry Hildershavn Enoksen og Renate Sande Bjørø om det kliniske programmet Dinosaurskolen.

Suksess med dinosaurar
Gry Hildershavn Enoksen og Renate Sande Bjørø med figurane frå Dinosaurskolen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. okt. 2012 08:08

"Var dette ei god løysing" kan du høyra ungane i Hegglandsdalen Barnehage seia til kvarandre.

I løpet av dei to siste åra i barnehagen er alle ungane innom Dinosaurskolen i Smågrupper, eit amerikansk program forma for klinisk bruk, men som Hegglandsdalen barnehage har valt å bruke som eit førebyggande tiltak.

– Vi fekk tilbod om opplegget etter at vi hadde fullført skule-bhgprogrammet "De utrolige årene" saman med andre barnehagar i Os. Vi er einaste barnehage i Noreg som har tilbodet dinosaurskule i smågrupper, men nokre barnehagar og skular driv eit tilpassa opplegg i store grupper seier Gry Enoksen og Renate Sande Bjørø.

Dei er begge pedagogiske leiarar ved Hegglandsdalen Barnehage, to av tre tilsette som held på å sertifisera seg som Dinosaurskole-instruktør.

– Dinosaurskolen handlar om sunn fornuft sett i system, den passar for alle og er eit veldig godt verktøy. Programmet er spesielt utvikla for ungar som er litt urolege eller som er litt lite utadvendte, og treng trening i sosial kompetanse og sinnemeistring.

Film, rollespel og leik

Dinosaurskolen i smågrupper blir kjørt med ei gruppe på seks ungar frå 4 til 5 år, to intense timar éin gong i veka, saman med to vaksne.

– Vi har eit eige rom for Dinosaurskolen og her har vi filmframvising, teater, rollespel, leik, samtalar og aktivitetar.

– Kvar gruppe held på i eit halvt år før vi tar inn ny gruppe, forklarar Gry og Renate.

Korleis overleva?

Som del av skulen, både på film, teater og i rollespel, er det fleire figurar. "Dina dinosaur" er rektor på skulen, og ho har overlevd i mange år takka vera god åtferd.

Så har vi Baby-Dina og skjelpadda, og ungane Mari-Manerer og Willy Problemløysar. Willy er litt vill og Mari er mønsterelev. Ungane identifiserer seg med Willy og kjem med idear om korleis dei kan løysa problema hans.

- Vi rollespelar ungane sine utspel og på denne måten får barna inn erfaring ved å utføre dette i praksis.

– Det handlar om å styrka sosiale eigenskapar, å handla rett ut frå ulike situasjonar. Det er for eksempel ikkje ulovleg å vera sint, men det er lurt å læra å gjera det rette også når du er sint.

– Og blir du litt for sint så kan du gjera som skjelpadda, gå inn i skalet. Vi høyrer innimellom ungar bruka uttrykka også utanfor gruppa, at dei for eksempel spør kvarandre om dei har valt rett løysing eller i ei sint stund ber om fred fordi dei er "inni skalet".

– Fungerer også på menn

Parallelt med gruppene i barnehagen les foreldra om kva ungane lærer i barnehagen, så dei får følgja med på opplegget og kjenne til metodane.

– Vi får veldig gode tilbakemeldingar og fleire foreldre fortel om god effekt og at dei sjølv har nytte av enkelte element elles i oppdraginga.

– Å førebygga uønskt åtferd, blant anna ved betre kommunikasjon, er kanskje også noko vaksne kan ha bruk for å kursast i.

– Ja, Dinosaurskolen fungerer faktisk veldig fint på menn, ler Gry og Renathe.

– Dette er eit godt prosjekt som vi trur fleire kunne hatt nytte av. Enkelte stadar, som i Fjell, har kommunen eigne tilsette som reiser rundt frå skule til skule og barnehage til barnehage, og held desse gruppene.

Les meir/ekstern lenkje: deutroligearene.uit.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.