Sport | 29. aug. 2012

Suksess med ung satsing

Med senka aldersgrense har Os Karateklubb auka medlemstalet - og nivået på utøvarane. Førre veke stilte 26 nye til start, neste veke startar det yngste partiet.

Suksess med ung satsing
Karateveteran Heine Øvredal (t.h.) var med som hjelpeinstruktør og passa på at alt var på line. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. aug. 2012 08:36

– Det er ein fin alder å starta i, frå du er 8 til 12 år kan du øva inn både god disiplin og god koordinasjon, seier Erlend Slettevold.

Tidlegare var aldersgrensa for å trena karate 10 år eller meir. No tar klubben imot ungar på 8 år, i tillegg har dei eigne kurs i Øyane der foreldra er med som deltakar. Der er aldersgrensa no 6 år/1. klasse.

– I neste veke startar vi opp igjen med foreldre-barn-karate og qi-gong i Øyane, seier Cato Bruarøy.

Blir tidleg god

Erlend og treningskamerat Bjarte Storum er blant dei unge instruktørane på barnepartia til klubben.

– Sjølv starta eg rett før eg fylte 13 år, men broren min Åsmund var berre 9, seier den tidlegare landslagsutøvaren Erlend.

Han har no lagt konkurranseaktiviteten på is grunna skade. Veslebror Åsmund er framleis aktiv med landslaget.

– Dei siste åra har vi fleire unge som har kome etter og fått deltatt i konkurranse i veldig ung alder. Konkurransane er lagt godt til rette utan plassering og utan fysisk kontakt, men er samtidig god førebuing til seinare teljande stemner.

– Og fleire av dei som har starta tidleg er allereie på elitenivå.

– Har tid til leik, men ikkje tull

Å halda orden på 20-30 ungar frå 8-12 år er i mange samanhengar ikkje lett, men i ein dojo (sal for karatetrening) er det gjennomførbart.

– Eg synes dei er veldig flinke til å visa respekt, både ovanfor oss trenarar og kvarandre. Det hjelper nok litt at dei unge som har trent ei stund har trening i same sal og står ved sidan av med drakt og belte og oppfører seg sånn dei skal.

– Av og til blir det litt tull og tøys, det varierer frå parti til parti kven som deltar, men måten å få orden i rekkene på er å ha tett program. Når vi varierer mykje på øvingane og bruker kort tid på å forklara så blir det så kompakt at det rett og slett ikkje blir tid til å tulla.

– Men vi flettar naturlegvis inn litt leik, som tikken og stiv heks. Dei er ungar og treng å få nokre minutt med fri utfalding innimellom trening på teknikk, seier Erlend Slettevold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.