Sport | 20. apr. 2017

Supersøndag med Karanba

Initiativtakar bak Karanba i Brasil,Tommy Nilsen, kjem til Os på søndag. No inviterast born til fotballtrening og sosialt samvær på Kuventræ.

Supersøndag med Karanba
Tommy Nilsen, her på heimebane i Brasil, kjem til Os søndag for å møte fotballungdom og for å fortelje om Karanba (foto: Karanba)
Andris Hamretorsdag 20. apr. 2017 19:12

Jadakameratene tok i mars initiativ til å samle inn brukt sportsutstyr til unge fotballspelarar i Rio i Brasil som er ein del av Karanba. Dei fekk fort med seg Os Fotball og dei andre klubbane i kommunen.

Aksjonen har i løpet av dei siste vekene vekse seg større og større. Blant klubbane som no støttar opp om aksjonen er mellom anna Brann, Åsane, Sotra, Kalandseid, Flaktveit og ein rekkje andre klubbar.

– Tommy Nilsen, som står bak prosjektet i Brasil, er heime i Oslo på ferie om dagen. Eg har snakka med han fleire ganger den siste tida. Då eg lurte på om han kunne tenke seg å ta ein tur til Os for å møta oss og fortelje om prosjektet, så var han ikkje i tvil. Det ville han veldig gjerne, fortel Christoffer Kobbeltvedt i Jadakameratene.

Kjem til Kuventræ

Planen var eigentleg at Nilsen skulle komma og vera med under Nore Neset sin fotballcup søndag, men då den måtte utsettast på grunn av at den nye banen ikkje blir klar grunna regnvêr, så fann Jadakameratene og Os Fotball ei anna løysing.

– Eg lufta utfordringa med Endre Brenne i Os Turn. Han er ein fantastisk fyr som kasta seg rundt og fann ut at dei kunne arrangera gratistilbodet «Supersøndag» i staden.

– Frå klokka 12 til 14 søndag blir det Supersøndag med Karanba og Tommy på Kuventræ for guter og jenter frå 1. - 7. klasse i alle klubbane i Os. Om dei speler på Os, Jada, Nore Neset, Søre Neset, Søfteland, Lysekloster eller i ein klubb i byen spiller ingen rolle. Det er heilt gratis og berre å møta opp, men ver ute i god tid. Ta med fotballsko, gode klé og godt humør. Det blir både fotballtrening og sosialt samvær, seier Kobbeltvedt.

Presenterer Karanba

Tommy Nilsen vil vera til stades under supersøndagen både ute på banen og inne i klubbhuset.

– Klokka 13 vil Tommy halde eit foredrag i klubbhuset for barn og vaksen og fortelje om Karanba og vise bileter frå arbeidet der borte. Også her er det berre å møte opp.

Ulvenmarsjen stiller opp

Både på Jentefotballdagen på Nore Neset og under supersøndagen vil aksjonen vera til stades og samle inn brukt fotball og idrettsutstyr.

– I tillegg har arrangørane bak Ulvenmarsjen stilt opp. Både lørdag og søndag vil det vera mogleg å levere utstyr ved start og mål på Os ungdomsskule, både for dei som skal gå marsjen og andre, avsluttar Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.