Kultur | 30. nov. 2015

Supertvillingane kjem til Os

Neste sommar kan du oppleva Marcus og Martinus på Osfest.

Supertvillingane kjem til Os
Marcus og Martinus skal sørgja for elektrisk stemning på Osfest neste år. (Foto: Max Emanuelson)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. nov. 2015 06:59

I 2012 vann tvillingbrørne Marcus og Martinus Gunnarsen (13) Melodi Grand Prix jr med «To dråper vann».

I november selte dei ut Oslo Spektrum på to timar, i tillegg selte dei ut ekstrakonserten rett etterpå, for så å gå til topps på VG-lista med debutalbumet «Hei», som blant anna inneheld hitlåta «Elektrisk».

I tillegg har tvillingane no sikra seg spelejobb på Os.

– Vi føler oss heldige som kan setja Marcus og Martinus på plakaten for neste år, seier Ole Reinert Berg-Olsen, bookingsjef for Osfest, om det første namnet dei går ut med til 2016-festivalen.

– Dette blir dessutan den einaste sommarkonserten Marcus og Martinus skal gjera i bergensområdet neste år.

Utan pass

– Dette blir eit eige arrangement på hovudscenen klokka 13 på dagen, laurdag 6. august. Du treng ikkje festivalpass, det blir selt eigne billettar til denne konserten.

Festivalområdet har kapasitet til 5000 publikummarar.

Arrangementet er alkoholfritt. Billettane blir lagt ut for sal på Billettservice klokka 18 i kveld.

På resten av festivalprogrammet har ungar under 13 år fri entré. Det er også eigne pass for ungdom frå 14 til 17 år.

Frå festival til folkefest

Berg-Olsen fortel at tvilling-bookinga er eit første ledd i auka satsing på ungar og familiar.

– Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at publikum vil ha endå meir dette tredje året. Vi gjekk med overskot i år og investerer i utviding, blant anna med festivalstart torsdag og med denne konserten på dagtid fredag.

Osfest 2016 blir som i 2015, første helg i august, som neste år er torsdag 4. til laurdag 6. august.

– Med opptrapping av nivået på dagtid ønskjer vi med dette å utfordra Os Sentrumsforening til å køyra marknadsdagar under Osfest 2016, seier Ole Reinert.

Slepp fleire band før nyttår

– Kor tid kjem de til å booka neste band til 2016?

– Det er tre-fire andre artistar og band som er booka, og det er solide namn vi har fått på plass.

– Namna på desse kjem vi til å sleppa på romjulskonserten vi arrangerer i Nore Neset Aktivitetshus.

Onsdag 30. desember speler Rolling Clones, Pogo Pops og Gina Aspenes i hallen.

Då reknar Ole Reinert med at fleire kjem til å kjøpa billettar via mobiltelefonen, under konserten. Osfest har redusert pris på pass om du kjøper i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.