Surt tap for serieleiar

Damelaget til Os held fram med den positive utviklinga. I går var dei nær på siger over serieleiar Follese.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok sitt første poeng for sesongen då dei spelte uavgjort med NBK/Eikanger/Kvernbit i førre runde. Trass i framgang i både innsats og spel hadde dei nok ikkje venta å gjera like god figur mot serieleiar Follese på heimebane i går.

- Du kan gjerne seia at 2-3-tap er bra for eit lag som leiar serien, men i går var jentene så gode at det blei surt å tapa, seier trenar Terje Erstad.

Utlikna i andre
Fem minutt før ein jamn førsteomgang var ferdig skåra gjestane på ein innøvd cornermanøver.

- Dei hadde to cornarar i forkant, og gjorde det same på minst éin av dei, så denne burde vi kanskje klart å hindra, seier Erstad.

Men Os hadde allereie spelt på seg nok sjølvtillit, og gjekk offensivt ut i andre omgang. På ein corner nikka Caroline Nielsen inn 1-1, og Os heldt fram med den gode perioden.

- Vi pressa på, men mot eit godt lag som Follese skal det ikkje mykje til å få mål i mot. Eit halvgodt skot som blei blokkert hamna dessverre i retur, og då var vi ikkje bestemte nok i forsvar til å unngå at gjestane tok leiinga igjen.

Frå 2-2 til tap
Os hadde heldigvis meir på lur, Anne Øvreeide kom med eit skot frå 18 meter som gav nytt håp om poeng til heimelaget.

- Follese hadde ein sterk venstreving, og på 2-2 kom ho seg forbi fleire av våre før ho putta under keeper. Då syntes eg synd i jentene, for denne kampen hadde vi fortent å ta poeng i, og helst vinna, seier Erstad.

Os sitt lag: Malin Heggland, Helene Steffensen, Helene Nøss, Monica Nordeide, Heidi Kloven, Malin Moldskred, Tale Ivarhus, Mariann Solibakke, Anne Øvreeide, Caroline Nielsen og Linda Johansen.

Også Jeanette Kallekleiv, Charlotte Balland, Karina Lund Rød og Kathrine Helland fekk speletid.

SJÅ TABELL

Os spelar også neste kamp på heimebane, mot Hald sundag 7. juni klokka 19.00. (Samstundes som herrelaget spelar heime mot Follese)

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11