Sport | 14. sep. 2009

Suveren i fossen

To veker etter andreplassen i Rett Vest vann Thomas Andersen Vøringsfoss Race med heile 18 minutt.

Suveren i fossen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2009 11:13

Etter prologen fredag fekk han på seg ledartrøya, ei ny erfaring for den ferske løparen frå Os.

- Eg blei nervøs og søv dårleg. Betre blei det ikkje då eg leia 12. minutt etter dag to, seier Thomas til Midtsiden.no.

Thomas sette ny løyperekord då han gjorde unna det rundt 4,3 mil lange tredagarsløpet på 4 timar og 42 minutt, som einaste under 5 timar.

Frå Bergen-Voss til Fanafjellet Opp.
Søftelendingen som no bur nærmare Os sentrum byrja å springa i fjella rundt Os for fire år sidan. Ein kneskade gjorde at han gradvis gjekk over til sykling, og seinare har det blitt både sykkelritt og bakkeløp på Andersen.

- Det er eigentleg sykling eg er best på, men sidan eg var sjuk før Bergen-Voss klarte eg ikkje å kvalifisera med til pulja. Men eg vann pulje to med tida 4,25, fortel Andersen.

Tre dagar etter at han blant rundt 3000 deltakarar kom på 48. plass i Bergen-Voss, vann han Fanafjellet Opp for sin aldersklasse (30-39 år). 30. august kom han på 2. plass i Rett Vest, der deltakarane spring til saman 5 mil på 8 ulike fjelltoppar.

Trivst i flatt terreng
Han har vore med i fleire motbakkeløp, fått gode tider, men ikkje dei beste plasseringane.

- Eg liker best når det går litt bortover også, og når løpa er av ei viss lengd.

Ved slump bestemte han seg fredag for å bli igjen i Ulvik etter å ha vore på jobb i området. Sidan han allikevel skulle springa litt i fjellet i helga kunne han like gjerne springa med andre.

- Prologen er bratt, 5,8 km opp 500 meter. Her blei eg slått med 8 sekund av May Britt Buer. Nokre unge langrennsløparar kom også før meg, men dei skulle ikkje vera med på resten, så då fekk eg herrane si leiartrøye.

- Eg har aldri hatt leiartrøye før, så eg blei ganske nervøs før laurdagens distanse, fortel han.

Drog ifrå
Sjølv om han søv dårleg natt til laurdag, gav det å ha leiartrøya truleg ekstra innsatsvilje.

- Distansen på rundt 1,5 mil var ikkje avskrekkande, er er vane med lange treningsøkter, fortel løparen frå Os.

Han skaffa seg ei god luke til feltet på den rundt 4 km lange vegen frå Sima, og etter stigninga kunne han framleis ikkje sjå folk bak seg.

- På toppen var det bortover og nedover, det eg liker best, så då var det berre til å gje gass, seier Thomas, som kom i mål på den 14,5 km lange distansen 12 minutt før nestemann.

Med danske i hælane
Luke på 12 minutt fekk ikkje Andersen til å slappa av.

- Det ville jo blitt pinleg å ikkje vinna når du leiar så mykje. Eg stussa veldig på om eg skulle gje alt også neste dag, eller om eg skulle halda med roleg saman med feltet. Eg gjekk for det første, fortel han.

Også den 22,5 km lange sisteetappen byrja med svak stigning, og i starten heldt ein danske følgje.

- Men då vi kom til terrenget sleppte han taket, så eg auka leiinga med 6 minutt tredje dag.

Andersen vann 18 minutt framfor nestemann, Geir Ove Mjelde.

Han vann også sin første pengepremie, 5000 kroner pluss gratis hotell under neste års Vøringsfoss Race.

Resultatliste og bilde frå løpet kan du sjå på kondis.no

Arrangøren si side finn du her

Ikkje opp Liafjellet
For to år sidan fekk Andersen 3. plass i Liafjellet Opp. Til helga går årets versjon av det lokale motbakkeløpet, men utan Andersen.

- Eg skal sykla KM, så eg får ikkje med meg Liafjellet Opp. Dette løpet passar dessutan ikkje meg så godt, eg liker betre lengre distansar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.