Sport | 20. juni 2010

Suveren i sjette

Lysekloster overbeviste i toppkamp heime mot Frøya 2.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. juni 2010 21:16

Lysekloster har auka avstanden til 2. plassen på tabellen for 6. divisjon avdeling 1. Fredag slo dei Frøya 2 heile 6-0 på heimebane.

- Dette var ein utruleg viktig kamp å vinna. Vi møtte eit veldig bra lag så eg er veldig nøgd med denne prestasjonen, seier trenar Ørjan Sandal.

Tabellen er i skrivande stund ikkje oppdatert med det gamle Frøya 2-resultatet 7-1 over Mann, men ligg på 2. plass med 15 poeng mot nyopprykka Lysekloster sine 22.

To av Buvik
Morten Buvik skåra 2 av kampens 6 mål. Dei andre målskårarane var Thomas Greipsland, Benjamin Olsen, Lars Sperrevik og Jonathan Gade Utne Olsen.

- Jonathan, som er gutespelar, har skåra i begge dei to siste heimekampane våre, altså i begge toppoppgjera.

Vil bli betre
Sandal, som siktar seg inn på endå fleire opprykk med Lysekloster, seier dei framleis har meir å jobba med.

- Vi gjorde det som skulle til for å vinna i kampen fredag, sjølv om vi hadde nokre angrep der vi burde gjort andre val framfor mål, både med og utan ball.

- No gjeld det å halda kanonfokus framover, og heile tida vera opptatt av oppgåvene våre og det å gjera kvarandre gode.

Lysekloster avsluttar vårsesongen med bortekamp mot botnlaget Ramsøy. Etter sommaren står nok ein bortekamp (Fana 2) for tur før dei 20. august tar imot Olsvik heime.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.