Sport | 09. sep. 2012

Suverene i kvalikken

Handballjentene til Os var suverene då dei kvalifiserte seg til den nasjonale Bringserien med 44 plussmål.

Suverene i kvalikken
Os J16 er klare for den nasjonale Bringserien etter solid spel i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 09. sep. 2012 12:15

16-årsjentene til Os Turn Handball spelte i helga kvalifisering til den nasjonale Bringserien i Kristiansand.

- Samtlige av jentene var bunnsolide, skryt trenar Kenneth Husebø.

Gav full gass

Første kamp gjekk tidleg laurdag ettermiddag mot Rælingen frå Oslo-området.

- Vi satte alle klutar til for å få opp tenninga og få jentene 100% klare til kamp.

- Dei responderte til fulle og gav aldri Rælingen sjans til å henge seg på, fortel Husebø om kampen Osjentene vann 38-15.

- Det var viktig å få ein god start og best mogleg målforskjell. Jentene skal ha skryt for å halde konsentrasjonen og dampen oppe i to ganger 25 minutt.

Eit lurveleven

Laurdagens andre kamp gjekk mot arrangørklubben Våg som hadde mobilisert også på tribuna med kubjeller og masse støy.

- Det blei eit lurveleven og Våg hadde nok trudd dei skulle gje oss kamp, men jentene ville det annerleis.

Os festa grepet tidleg i første omgang og avgjer i realiteten kampen allereie då.

- 2. omgangen blir ei transportetappe kor eg nyttar spelarar på litt uvante plassar. Vi gjer det vi må for å vinna, forklarar Husebø om 25-14 sigeren.

Bra botnnivå

Siste kamp gjekk sundag morgon mot Birkebeineren frå Drammensområdet.

- Vi leiar berre 12-10 til pause etter å ha vore oppe i 4-5 måls leiing tidlegare i omgangen.

- Eg må gje nokre klare meldingar i pausen om at slik kan vi ikkje ha det. Igjen responderar jentene godt og hever seg slik at vi vinn med 10, seier trenaren om 27-17 sigeren.

Sjølv om han ikkje er like nøgd med alt meiner han botnnivået til laget låg såpass høgt i helga at sigrane aldri var truga.

Heldt leikestove

Sjølv om samtlige spelarar leverar solide prestasjonar trekk Husebø likevel fram tre spelarar.

- Ann Kristin Lyssand leverer solid i mål og presterer langt over det eg har sett ho gjera tidlegare.

- Julianne Hjelle held leikestove med motstandarane når ho har lyst og finn det for godt.

- Ho har eit finteregister ut av ei anna verd og finta same jente tre gonger på ræv på rad, smiler Husebø.

Den siste Husebø trekk fram er midtback Vilde Brattabø.

- Vilde er sjef og styrar både i forsvar og angrep. Sjølv om ho ikkje er toppskårar gjer ho dei andre gode med smarte pasningar og oppspel, avsluttar Husebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.