Desse tre er no klare for førstedivisjon til neste år. F.v. Marianne Rød, Andrea Rød Tombre og Tora Wiberg. (Foto: Bjørnefjorden GK)

Suverent damelag frå Bjørnefjorden Golfklubb

Damne frå BJGK klare for førstedivisjon - herrelaget må ned ein divisjon grunna omlegging av divisjonssystem.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Lag-NM gjekk av stabelen i hos Sandefjord Golfklubb for halvanna veke sidan. Store nedbørsmengder var med å prega helga. 

Suverene Os-damer

Eli-Karin Wiberg frå Bjørnefjorden Golfklubb fortel at Tora Wiberg og Andrea Rød Tombre la grunnlaget for seieren då dei etter dei første to rundane leia med 6 slag.

– Etter å ha lege tre slag bak leiande Sandefjord GK etter første runde laurdag, «cruisa» damene inn til leiing etter andrerunden. Denne runden gjekk dei faktisk 9 slag betre enn Sandefjord GK. Etter den single runden sundagen, vann Os-damene til slutt med heile 22 slag foran Sandefjord GK.

– For damene var det berre eitt lag som kunne rykka opp til førstedivisjon til neste år, og med ein suveren siger var opprykket sikra.

Regn og nye reglar for herrane

– For herrane glapp fjerdeplassen med to slag, fortel Wiberg. Eine dagen vart òg prega av store nedbørsmengder, og fjerderunden vart etterkvart avlyst.

For herrane var det berre ein første- eller andreplass som ville sikra opprykk til elitedivisjonen. Ein tredje- eller fjerdeplass ville sikra framleis plass i førstedivisjon. 

Os-herrane hamna til slutt på ein femteplass, og grunna omlegging frå to til éin avdeling i førstedivisjon (ein reduksjon frå 32 til 14 lag) ta turen ned i andredivisjon i 2020.

Fleire saker