Lokal | 09. sep. 2011

SV og FrP på line?

LESARINNLEGG, Kåre Strøm: Mot usosial eigedomsskatt - SV og FrP på line?

SV og FrP på line?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2011 07:43

Eigedomsskatt har vorte eit tema i valkampen i Os, sjølv om nesten ingen parti vil ha det.

Til dømes går Os FrP sterkt ut med nei til eigedomsskatt som ei hovudsak. Etter som dei løfter denne saka så høgt, er dei kanskje likevel urolege for at Os SV skal få gjennomslag for framlegget sitt?

No er det jo ikkje slik at Os SV vil innføra denne skatten berre for moro skuld, men den økonomiske situasjonen og oppgåvene frametter tilseier at alternativet vert vurdert på ein seriøs måte. Også eigedomsskatt kan få ei utforming som ikkje fungerer usosialt. Ja, alt i utgangspunktet gjev den jo ei viss omfordeling av gode frå dei velståande til dei dårleg stilte.

Eit interessant punkt i denne samanhengen er at Os FrP nettopp understrekar at dei er mot usosial eigedomsskatt. Her kan vi i SV berre applaudera. SV vil ha ein klår sosial profil i utforminga, så ein augneblenk kan det jo sjå ut som om SV og FrP er på line.

Slik er det nok ikkje, men ein kan jo undrast kva FrP legg i dette omgrepet. Sjølv FrP veit nok at somme har god råd til å betala ein slik skatt, og dei aksepterer jo skatt i andre samanhengar – trass alt. Så å lata som at all eigedomsskatt er usosial, er nok helst eit diskusjonsknep. Dessutan har FrP akseptert eigedomsskatt i ei rekkje kommunar. Mest halvparten av dei kommunane der FrP har ordførar eller varaordførar, har ei eller anna form for eigedomsskatt! Somme har til og med utvida den – med partiet si støtte.

Os FrP nyttar fleire triks i argumentasjonen og lagar eit skremmebilete med å nytta taldøme som er teoretiske maksimumsummar etter fleire år. Dei fleste kommunar ligg på eit mykje lågare nivå. I praksis ønskjer Os SV eit betydeleg botnfrådrag i taksten for nettopp å ta sosiale omsyn. Eit slikt frådrag vil sjølvsagt gjelda alle. Andre sosiale omsyn er det også både ønskjeleg og mogleg å ta.

Mange har fått reduserte skattar dei siste åra, og den direkte kommuneskatten har gått ned for alle. Så ein viss eigedomsskatt vil ikkje ruinera den gruppa som er aktuell.

Så er det jo eit spørsmål om Os kommune treng dei inntektene som eigedomsskatten kan gje. Vi har over mange år sett nedskjeringar og innstrammingar på viktige område som skule og ulike sosiale tenester. Denne utviklinga er i ferd med å svekkja kvaliteten alvorleg og legg samstundes eit aukande press på arbeidstakarane. Det vert også nok av nye utfordringar frametter.

Ein eigedomsskatt kan gjennomførast på mange ulike måtar, og Os SV vonar at andre parti likevel vil støtta ei grundig utgreiing og så ta standpunkt på grunnlag av den.

Kåre Strøm

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.