Svak, men suveren
Juniorlaget til Os slo Odda/Harding 7-1 på det trenarane kallar ein dårleg dag på jobben.


- Heimelaget har problem med å få nok spelarar, og stilte med eit lag med nesten berre gutespelarar. Likevel leia dei fortent 1-0 etter ti minutt, fortel assistenttrenar Bjørn Atle Bakke.
- Greit at vi kom fram berre ti minutt før kampstart, og spelte på gras, men spelarane våre flytta ikkje på seg, og dei snakka ikkje i lag.
For å skremma liv i spelarane sine gjorde Øyvind og Bjørn heile tre byte etter ti minutt. Stian Bakke, John Ole Johannessen og Stian Helland kom innpå, medan tre meir eller mindre vilkårlege spelarar blei tatt ut.
- Helland skåra med det same, så auka Børge Borgen til 2-1 før Espen Kopperud sette inn 3-1 før pause.
Auka i andre
Ein corner frå Daniel Vevatne enda i sjølvmål for heimelaget, dermed sto det 4-1. Epsen Kopperud skåra sitt andre for dagen før Vevatne putta sjølv.
Stian Bakke skåra kampens siste mål, og Os vann 7-1 (3-1).
- Vi kan takka det at vi var fysisk overlegne for at sigeren blei så suveren. Nå må vi løfta oss nokre hakk, for i neste kamp skal vi ha revansje over Løv-Ham, seier Bakke.
Os junior elite tapte 8-0 for Løv-Ham i vår. Neste møte med løvene blir på heimebane tysdag om ei veke (kl 20.00).
Os ligg no på 6. plass på tabellen, med 15 poeng på 11 kampar. Løv-Ham ligg på 4. plass med 16 poeng på 8 kampar.
SJÅ TABELL