Svak omgang gav tap
Os leia med fem til pause, men måtte ta sesongens første tap då dei møtte Viking 2 laurdag.
Det såg veldig bra ut i første omgang kor handballherrene Os møtte Viking 2, beståande stort sett av unggutar frå Gneist. Etter jamne ti minutt rykka Os i frå på stillinga 4-4 og gjekk opp i 10-5 leiing etter 18 minutt.
Viking freista å køyre tempo mot dei eldre Os-spelarane, men lukkast ikkje heilt med taktikken. Til pause leia difor Os 15-10.
– Første omgangen er ok bra.
– Vi gjer det vi avtaler og speler saman framover på banen.
– Bakover gjer vi òg det vi skal og set eit bra forsvar, oppsummerer Ostrenar Kenneth Husebø.
Feiger ut
Andre omgangen startar dårleg for Os, og blir ikkje mykje betre utover i omgangen. Etter 24 minutt spelt ligg Os under 5-14 i omgangen.
Ein sluttspurt frå Osherrane gjer at sluttresultatet endar på 26-25 til heimelaget.
– I andre omgangen blir vi for feige og skyver ansvaret over på kvarandre. Det er ingen som tek ansvar.
– Vi kunne nok disponert mannskapet litt annerleis om sigeren hadde vore det viktigaste, men sesongen er lang og det er viktig å få alle igang.
– Denne sesongen handlar det mykje om å gje guttane tryggleik og utvikling, oppsummerar Husebø, som legg til at han trur dei vil ha få problem med å motivera seg til returoppgjeret etter feiringa frå ein av Vikingspelarane etter skåring.
Viking 2 - Os 26-25 (10-15)
Utv: Viking 1x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Hans Brunvatne, Andreas G. Sennesvik, Trygve Lerch Dahl 2, Jørgen Wold 6, Fredrik Andresen 2, Nils Andris Hamre 2, Peder Lyssand 1, Isak Røen 3, Ove Lyssand 4, Joakim Blostrupmoen 5, Sivert Egge Drange, Jørgen Engelsen, Kasper Færøvik.
Viking og Os ligg etter kampen på topp av tabellen, båe med ni poeng.