Lokal | 19. sep. 2020

Svar til Kjersti Ellingsen

Ingen er uunnverlege viss ein kan smitta andre!

Svar til Kjersti Ellingsen
Ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. sep. 2020 06:51

Lesarinnlegg:

Kjære Kjersti Ellingsen,

eg forstår godt at de er slitne, alle kvardagsheltane som sørger for at barna våre har ein trygg og god kvardag, og at kvar enkelt tilsett er sårt sakna om dei ikkje kjem på arbeid grunna symptom og sjukdom. Dette merkast godt i mange yrker, og det må vera utruleg vanskeleg å få bemanningskabalen til å gå opp.

Framleis er vi midt i ein pandemi i Noreg, og det er eit stykke igjen til mål. Vi håpar at vi framover har ein kontrollerbar smittesituasjon i Bjørnafjorden. Dette inneber at vi alle må følgje reglane og råda frå regjeringa og FHI, og minna kvarandre på dette slik smittevernoverlegen og eg gjorde på pressekonferansen på onsdag.

Du reagerte på utsagnet mitt om at «ein skal halda seg heime når ein ikkje er frisk, og at ingen har ein så viktig jobb at dei ikkje kan unnverast».

Med det meinte eg at alle no må unnverast når dei er sjuke, og kan smitta andre. Ingen tilsette med symptom skal kjenna på dårleg samvit for at dei følgjer smittevernreglane, og eg antar at du som styrar i ein barnehage er einig med meg i det. Eg vil retta ei stor takk til alle bjørnafjordingane som er lojale og tek smittevernreglane på alvor.

Eg vil gjenta mi tidlegare oppmoding om å halda avstand og at dei som kan, og har moglegheit til å ha heimekontor nyttar seg av den ordninga.

Alle skjønar at heimekontor ikkje er mogleg i alle yrke og alltid til ei kvar tid. Oppmodinga går sjølvsagt til dei som har anledning.

Trine Lindborg
Ordførar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.