Lokal | 21. juni 2014

Svarer på Twitter-kritikk

Jon Sivert Rykkel (V) beklagar twitter-melding om Marie Bruarøy (H), men undrar seg over Frp sitt fokus i saka.

Svarer på Twitter-kritikk
Jon Sivert Rykkel (V) beklagar twitter-melding om Marie Bruarøy, men reagerer på innlegget frå Frp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 21. juni 2014 10:17

I eit lesarinnlegg på Midtsiden stiller Frp-arane Gustav Bahus og Espen Aspenes kritiske til Venstre sin representant Jon Sivert Rykkel grunna twitter-meldingar han sendte under kommunestyret sitt møte tysdag.

– Eg tek sjølvkritikk på meldinga om Marie Bruarøy.

– Den var dum og barnsleg og ein særs dårleg spøk. Difor har eg òg fjerna den meldinga frå twitter-straumen min. Det har eg sagt direkte til Marie allereie på onsdag og eg opplevde då at vi hadde rydda opp, og lagt bak oss den.

– Marie er ein flink politikar, seier Jon Sivert Rykkel.

Twitter, telefon eller video?

Når det kjem til dei andre meldingane Bahus og Aspenes trekk fram i lesarinnlegget sitt meiner Rykkel dei er trekt ut av samanhengen og er eit politisk angrep på han som ordførarkandidat frå Venstre.

– Eg ville aldri forlatt eit politisk møte for ein fotballkamp, men skreiv det eg opplevde var stemninga blant fleire av kommunestyrerepresentantane då møtet drøya med gruppemøter.

– Meldingane var ein del av ein uformell twitter-samtale du (Midtsiden-journalist Andris Hamre), eg og Eirik André Hesthamar frå Frp hadde gåande under møtet.

– At desse to meldingane blir trekt ut og brukt i eit lesarinnlegg på denne måten kan eg ikkje sjå på som anna enn eit angrep på meg som ordførarkandidat og eit forsøk på eit politisk spel.

– Det å påstå at å tvitra under møtet er mangel på respekt for demokratiet heng ikkje på greip.

– Her sit Bahus i glashus, for kva er då det å snakka i telefon under møtet, eller sitja og sjå på videoar på nettbrettet vi som kommunestyrerepresentantar har fått utdelt, slik som han gjer, undrar Rykkel.

Sjå på #BeBy

Twittring under møta meiner Rykkel er kome for å bli.

– Sjå berre til bystyret i Bergen, kor meir eller mindre alle twitrar og kommenterar debatten og vedtaka på den måten.

– Der har dei jo til og med ein eigen emneknagg, #BeBy, som dei nyttar.

– Nei, her er det kommunestyret i Os som heng etter, men det vil kanskje betre seg om vi får fleire unge inn i kommunestyret.

Kan helde unge unna

Rykkel er redd utspelet frå Bahus og Apenes vil gjera nettopp det vanskeleg.

– Eit personangrep som dette, trur eg ikkje vil vera med på å gjera det lettera å rekruttera unge inn i politikken.

– Eg trur det er mange som vil vegra seg, fordi dei ikkje gidd denne delen av politikken.

– Vi må få lov til å nytta dei sosiale media vi er vane med, også i politikken. Så kan det vera at vi av og til bommar litt i formuleringar, men det bør det vera rom for, avsluttar Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.