Sport | 08. des. 2009

Svart belte til Jens!

Laurdag tok Jens Mildestveit (16) svart belte, måndag fekk han plass på landslaget.

Svart belte til Jens!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2009 16:31

Taekwon-do-talentet Jens Mildestveit (16) blei laurdag Os sin yngste med svart belte. På ei graderingssamling i Laksevåg, for heile regionen, gjekk han mønster og kamp og knuste plankar med spark før hovudtrenar i Bergen, Vegard Iversen, hadde sett nok til å vurdera han for ny grad.

- Det var herleg å kunna knyta på seg det svarte beltet, seier Jens, som har trent i Os Taekwon-do Klubb sidan han var 9 år.

Mildestveit og dei tre andre utøvarane frå regionen besto alle prøvane. Jens blei fjerde utøvar i Os med svart belte.

- Det starta med at eg såg ein plakat på skulen. Sidan har det blitt mange graderingar, frå gult og grønt til blått og raudt, og tre striper på kvart belte, fortel han, etter det som har vore den gjevaste graderinga til no.

På landslaget
Jens har hevda seg i fleire konkurransar dei siste åra, også nasjonalt. I fjor vann han NM, i år reiste han heim med to sølv i individuelle klassar og to bronse med krinslaget.

Måndag, to dagar etter at han fekk svart belte, blei han kontakta av landslagsleiinga.

- Eg er tatt ut til landslagssamling i januar. Er eg god nok får eg bli med til EM i Sverige i april, fortel den ferske svartbeltaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.