Sveitt blues på Peppes
Fredag blir det førpremiere på blues- og jazzfestivalen når Erik "Slim" Zahl testar utescenen på kaien.
Den siste fredagen i kvar månad har Osøren Blues- og jazzfestival invitert til konsert i samarbeid med Peppes. Sidan sola skin og festivalen nærmar seg nytter festivalarrangørane høve til å testa utendørsfasilitetane på kaien.
- Vi riggar ei lita scene innanfor gjerdene men ute i solskinnet, fortel festivalsjef Tore Lekve.
Det blir ikkje den same scena som dei skal nytta under festivalen, men ein god test før det brakar laus i juni.
- Eg håper osingane vil koma og testa. Sidan det er utandørs vil det vera større kapasitet enn det har vore tidlegare i vinter når vi har vore innandørs.
Gler seg stort
Bandet som avsluttar vinter- og vårbluesen er ikkje ukjende Erik "Slim" Zahl & the South West Swingers.
- Dei gler seg stort til å koma tilbake til Os.
- Dei var her under fjorårets festival og kjem tilbake i juni, så osingane skal få gode sjanser til å bli godt kjende med dei, reklamerar festivalsjefen.
Billettar til årets festival den 28. - 30. juni vil bli selde under konserten.