Lokal | 18. juni 2014

Svenskar stal frå BilXtra

Medan den eine testa om ei bremseskive passa stakk den andre på lageret og stal.

Svenskar stal frå BilXtra
BilXtra blei utsett for tjuveri tysdag ettermiddag. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. juni 2014 07:28

Tysdag i 15-tida fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk i Os.

– Nokre svensktalande menn besøkte butikken. Då dei reiste viste det seg at dei hadde stole verdiar for rundt 1000 kroner.

– Dei kjørte i ein svenskregistrert blå Ford Focus stasjonsvogn, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Eg prøvde å hjelpa dei

Regine Malkenes hos BilXtra i Jordmorsvingen seier ho ikkje fatta mistanke om at «kundane» ikkje ville gjera opp for seg.

– Dei ville låna ei bremseskive med seg ut for å sjå om ho passa til bilen.

Det var fleire menn som alle snakka svensk, og ein av dei følgte med ut på lageret då Malkenes henta bremseskiva.

– Så kom dei inn igjen og sa at den ikkje passa. Dei hadde tatt med seg noko verktøy frå utstillinga då dei skulle sjekka bremseskiva, og då eg spurde etter betaling for det brukte verktøyet sa dei at dei skulle rett ut i bilen ein tur. Så fôr dei.

I tillegg til å bruka verkøy som ikkje var til utlån viste det seg, då Regine skulle henga bremseskiva tilbake, at nokon hadde stole same type skive frå lageret.

– Det var berre to igjen av den typen, den dei lånte og den som blei stolen.

To patruljar på søk

Politiet varsla ferjene og rykte ut med to patruljar for å leita.

– Om nokon ser ein svenskregistrert blå Ford Focus 99-modell i dag så er det fint om dei gir oss eit hint, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.