Sport | 04. apr. 2017

Svenske Ramona i team med osing

Frode Holte og osingen Jarle Nytræ styrkar CircleX-stallen med den svenske supercarstjerna Ramona Karlsson.

Svenske Ramona i team med osing
Ramona Karlsson blir del av CircleX frå 2017. (Foto: Christian Gustavsson/Tony Welam)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. apr. 2017 11:41

Bildeserie:

Holte og Nytræ tok 1. og 2. plass i eit av seks løp i fjor. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
Holte og Nytræ tok 1. og 2. plass i eit av seks løp i fjor. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
Jarle saman med delar av teamet, Espen Solstrand og Marius Lepsøe. (Foto: KVB)
Jarle saman med delar av teamet, Espen Solstrand og Marius Lepsøe. (Foto: KVB)
Årets sjåførar, Ramona, Jarle og Frode. (Pressefoto)
Årets sjåførar, Ramona, Jarle og Frode. (Pressefoto)
1 av 3

CircleX stiller med tre bilar i RallyX Nordic i år. Ny i CircleX er tidlegare svensk meister Ramona Karlsson.

Ramona er tidlegare rallyførar og vann SM i 2013. I 2014 tok ho steget opp til rallycross, i 2015 dreiv ho sitt eige team i EM Supercar.

– Etter mammapermisjon i 2016 er Ramona no klar for comeback. Eg er veldig glad for at ho tok kontakt med oss og for at ho blir del av CircleX.

– Saman stiller vi sterkare og kan læra av kvarandre både på og av banen, seier Jarle Nytræ.

– Jättekul!

Karlsson stiller med sin VW Scirocco Supercar, og eige team, men står under same telt og har felles personell, utrusting, sponsorer og erfaringsutveksling med Holte og Nytræ.

– Det blir jättekul å sarambeida med Jarle og Frode. Eg lker konseptet og det CircleX står for; samarbeid, glede og prestasjon - alt høyrer saman, seier Ramona.

I 2012 var ho første svenske kvinne til å driva eige team i rally-VM. På New Zealand låg ho på 2. plass då bilen hennar tok fyr og ho måtte bryta.

Ho har òg vore jurymedlem i TV4-programmet «Sveriges värsta bilförare».

– På banen er vi konkurrentar, men vi vil jobba saman for at alle skal gjera det best mogleg. Vi vil bruka mykje tid saman for å bli betre. Kvar runde blir loggført, og ved å legga kvarandre sine loggar ved sidan av kvarandre, kan vi sjå kven som gjer det best i alle parti av løpet, og ut frå dette kan vi dela erfaringar.

RallyX Nordic består av seks løp. To av løpene er også med i NM, tre av løpene er i NEZ Cup. Alle seks løpene er med i SM.

Kalender for RallyX Nordic 2017:
22/4 Grenland, Norge
3/6 Arvika, Sverige
17/6 Solvalla, Sverige
19/8 Nysum, Danmark
9/9 Götene, Sverige
23/9 Strängnäs, Sverige

Med mål om fleire pallplasseringar

CircleX blei starta i 2014, då Nytræ var heilt ny i sporten.

I fjor var første heile RallyX Nordic sesong, og Jarle, som hadde lite erfaring, men stor lidenskap for motorisert galskap, køyrde inn til ein 2. plass under RallyX Nordic i Strängnäs med sin Volvo C30 Supercar.

• Les òg: 2. plass til Jarle Nytræ

Førsteplassen gjekk til teamkollega Frode Holte, som frå før har ei massiv merittliste, med blant anna to NM-gull i Supernasjonal og 4. plass i EM divisjon 1.

– Dobbeltsiger til teamet i Strängnäs var høgdepunktet i fjor, seier Nytræ.

Også sesongavsluttinga var brukbar, der CircleX køyrde inn 50.000 kroner.

– Det har kome fleire sponsorar på plass, blant anna Os Lakk og Karosseri, men vi er framleis ute på jakt for å dekka inn siste halvdel av sesongen.

– I år har vi mål om nokre fleire turar på pallen, og om endå betre samanlagtresultat, seier Jarle Nytræ.

• Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.