Sport | 08. feb. 2014

Sverre gjekk jamt

Sverre Lunde Pedersen imponerte med 6.18.84 på 5000 meteren under OL i Sotsji. Det heldt til 5. plass.

Sverre gjekk jamt
Sverre Lunde Pedersen, her under VM på Hamar for eit år sidan (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. feb. 2014 13:55

Sverre Lunde Pedersen var den av dei norske utøvarane som hadde gjort det best på distansen så langt i sesongen då skøyteløparane entra Adler Arena laurdag.

Han gjekk i 11. par mot nederlandske Jorrit Bergsma og i paret etter skøytekongen Sven Kramer.

Sverre tapte samløpet mot Bergsma, men gjekk eit særs jamt løp med rundetidene 18,9 - 29,4 - 29,8 - 30,1 - 29,9 - 30,0 - 31,1 - 30,1 - 29,8 - 29,8 - 29,9 - 30,1 - 30,4.

– Sverre går eit jamt og fint løp, men det går litt for sakte på kvar runde, kommenterte TV 2 sin ekspertkommentator Mikael Flygind Larsen.

– Dette var eit strålande løp av ungguten frå Os.

– Sverre er nøgd, oppsumerte Larsen etter løpet kor Sverre kom inn på ein førebels 3. plass bak Kramer, som sette ny olympisk rekord med tida 6.10.76 og parkamerat Bergsma.

Allereie i paret etter blei Lunde Pedersen puffa ned av pallen.

– Alt er mogleg

Det var ein roleg og klar Sverre Lunde Pedersen som snakka med TV 2 då han kom til Adler Arena.

– No har eg berre slappa av.

– Det blir tøft, det er eit godt startfelt, men alt er mogleg, svarte ungguten på spørsmål om medaljesjansane.

Vanskeleg oppgåve

Tidlegare landslagstrenar Peter Müller hadde før løpet ikkje tru på at Sverre ville ta medalje.

– Det blir vanskeleg.

– Sverre Lunde Pedersen har den største sjansen av dei norske, men Bergsma er rask, så han må vera forsiktig med å prøva å følgja han.

– Går han for hardt for tidleg, vil han sprekka dei siste tusen meterane, analyserte Müller i VG sitt live-senter.

La opp til rekordløp

Ryktene før løpet gjekk på at Sverre hadde lagt opp eit løp med slutt-tid rundt 6.14.

– Då held det til medalje, slo Johan Kaggestad i TV 2-studioet fast.

Håvard Bøkko gjekk sin beste 5000 meter for sesongen med tida 6.22.84. I intervjuet med TV 2 etter løpet fekk han spørsmål om kva råd han ville gje Sverre.

– Sverre veit korleis han går gode 5000 meterar, så det blander ikkje eg meg borti.

– Det er OL berre kvart fjerde år. Han må tørra å satsa.

– Om han går for medalje, må han berre gå etter eit slik skjema, kommenterte Bøkko på ryktet om at Lunde Pedersen gjekk på eit 6.14-skjema.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.