Sport | 28. jan. 2016

Sverre klar for Stavanger

Etter ei god gjennomkøyring og to nye NM-gull førre helg gler Sverre Lunde Pedersen seg til verdscupløp på heimebane. – Det blir full trøkk.

Sverre klar for Stavanger
Sverre Lunde Pedersen gler seg til å gå på heimebane i Stavanger denne helga. Midtsiden reiser ned for å heia saman med over 20 osingar (foto: Reidar Langkjær)
Andris Hamretorsdag 28. jan. 2016 13:45

Sverre Lunde Pedersen blei diverre sjuk rett i forkant av EM i Minsk og måtte stå av. Sist helg reiste han seg meisterleg og tok to gull og eitt sølv under NM på enkeltdistansar i Vikingskipet på Hamar. Denne helga ventar tre løp, 1500, 5000 og 1000 meter under verdscupstemnet i Stavanger.

– Forholda er gode her nede no, så dette kan bli bra. Eg håper berre dei klarar å halde isen så god som den er no gjennom heile helga, seier Sverre Lunde Pedersen på telefon frå Sørmarka Arena.

Formen er betre

Lunde Pedersen fortel at han trengde gjennomkøyringa han fekk under NM sist helg.

– Eg kjende det var lenge sidan eg hadde gått løp. Det gjekk bra, men eg merka det litt.

– Formen kjenst betre ut denne helga.

Går for to pall-plasseringar

Målsettinga er klar før løpa på heimebane.

– Målet er å gjera gode løp og komma på pallen på 1500 og 5000. Det hadde vore kjekt å gjera på heimebane.

– Eg gler meg virkeleg og reknar med det blir god stemning i hallen.

Over 3000 billettar seld

I følgje Lunde Pedersen har arrangørane seld over 3000 billettar til skøyteløpa.

– Det er kjempebra. Hallen er ikkje så stor, så med 3000 på tribunen reknar eg med at det blir godt trøkk på tribunen og mange som støttar oss.

– Korleis trur du det vil slå ut for din del å ha osingar og andre nordmenn i ryggen?

– Forhåpentlegvis slår det positivt ut. Det er motiverande. Det skal i allefall ikkje stå på heiinga denne helga, avsluttar Lunde Pedersen.

Busslast frå Os

Blant dei mange på tribunen finn ein fleire osingar. Midtsiden sin tur, som vi arrangerar saman med Travelnet Os, reiser med vel 20 ivrige supportarar frå Os fredag morgon.

Om du har overnattingsplass sjølv i Stavanger, så har vi framleis nokre plassar ledig på bussen og inngangsbillettar til Sørmarka Arena. Ta berre kontakt med Kjetil eller Andris.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.