Sport | 11. mars 2018

Sverre leiar VM

Knuste til på 1500 meteren: Sverre Lunde Pedersen har 16,14 sekund å gå på mot Sven Kramer før 10.000 meteren.

Sverre leiar VM
Sverre har eit særs godt utgangspunkt før 10.000 meteren (foto: Douwe Bijlsma)
Andris Hamresøndag 11. mars 2018 13:46

Osingen banka nederlenderen Sven Kramer på 5000 meteren laurdag, og var med det den første sidan 2006 som har slått Kramer i eit VM eller EM.

– Det var ei god kjensle! Det blir ein spennande og tøff dag i dag, men eg gler meg til å gjera to nye gode løp, sa Sverre til NRK før dagens 1500 meter.

Kor mykje må du ha å gå på, lurte NRK sin reporter.

– Eg har ikkje tenkt på kor mykje eg må ha å gå på før 10.000 meteren. Eg slo han jo på 5000 i går, svarte Sverre tørt.

Klinka til

På 1500 meteren viste Sverre at han meiner alvor. Han klinka til og vann 1500 meteren med tida 1.48.33, heile 1.54 før nederlender Patrick Roest som han gjekk i par med. Roest leia samanlagt før løpet, men den leiinga tok Sverre over etter 1500-meteren.

– Dette var eitt av dei beste skøyteløpa eg har sett. Han pulveriserte alle dei andre, oppsummerte trenar Sondre Skarsli etter løpet.

NRK sin ekspert Even Wetten håpa Sverre skulle slå Kramer med halvanna sekund. Sverre dro til med 2,28 sekund, noko som gir han 16.14 sekund å gå på mot Kramer før 10.000 meteren. Han har 7.78 sekund på Roest.

– Det var eit veldig bra løp. Eg føler meg bra og var på hugget heile vegen. Eg har mykje krefter, sa Sverre til NRK rett etter løpet.

– Du har 16 sekund på Kramer. Kva tenkjer du, undra NRK reporteren.

– Det blei ein større ledelse enn eg hadde trudd, men 10.000 meteren er eit nytt løp, det blir eit knallhardt løp, oppsummerte Sverre Lunde Pedersen.

10.000 meteren starter klokka 15.03. Sverre går i siste par mot nettopp Kramer som ligg på tredje plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.