Sport | 08. jan. 2017

Sverre mista bronsen

Sverre Lunde Pedersen kollapsa på 10 000 meteren i EM og mista bronsen, men kunne fått den likevel om Jan Blokhujisen hadde blitt diska.

Sverre mista bronsen
Sverre Lunde Pedersen sprakk heilt på 10 000 meteren (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. jan. 2017 18:17

Sverre Lunde Pedersen fekk ein god start laurdag med ein god 500 og 5000 meter, men søndagen gjekk det verre. Truleg gjekk han med sjukdom i kroppen, noko som gjorde at han kollapsa dei fire siste rundene på 10 000 meteren.

– Eg har følt meg tom og sliten i heile dag, og 10 rundar før mål var eg heit ferdig. Det gjekk heilt i svart. Kanskje bryggjer eg på ein sjukdom. Eg veit ikkje.

– Eg forstod ikkje korleis eg skulle kome meg til mål, og hadde mest lyst til å legge meg ned. Eg har aldri kjent meg slik før, sa han til NRK etter løpet.

Lunde Pedersen gjekk inn til 6. plass både på 1500 meteren (1.48.14) og på 10 000 meteren (13.42.81).

Ikkje overraskande vann Sven Kramer EM, foran Jan Blokhuijsen og Bart Swings.

Blokhujisen skulle truleg har vore diska for tjuvstart på 10 000 meteren, men fekk likevel lov å gå. Hadde han blitt diska ville Sverre likevel fått bronsen, i staden for den litt sure fjerdeplassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.