Sport | 07. mars 2014

Sverre på 2. plass

Sverre Lunde Pedersen med karrierebeste under verdscupen i Inzell.

Sverre på 2. plass
Jarle Pedersen og Sverre Lunde Pedersen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 07. mars 2014 19:16

Sverre Lunde Pedersen viste at formen har halde seg etter OL i Sotsji då han gjekk inn til si beste plassering i verdscupen under 5000 meteren i Inzell fredag ettermiddag.

Med tida 6.19.48 tok Lunde Pedersen leiinga i løpet fram til nederlandske Jorrit Bergsma kom i eit seinare par. Bergsma som vann 10 000 meteren og tok bronse på 5000 meteren under OL slo Lunde Pedersen med 5,4 sekunder.

– Sverre har tidlegare tatt ein 3. plass på 1500-meter i verdscupen, og har også 3. plassar frå lagtempo i verdscupen. Dette er den beste plassering nokonsinne i dette selskapet, seier landslagstrenar Jarle Pedersen til Ba.no

Lunde Pedersen skal gå to løp til i tyske Inzell. Først 1000 meter i morgon laurdag før han på sundag går 1500 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.