Sport | 24. feb. 2018

Sverre rauk i semien

Sverre Lunde Pedersen mangla eitt poeng for å ta seg til finalen på fellesstart.

Sverre rauk i semien
Sverre Lunde Pedersen kom på niande plass i sin semifinale (arkivfoto: Nanco Hoogstad)
Andris Hamrelørdag 24. feb. 2018 15:27

Laurdag gjekk Sverre Lunde Pedersen si siste konkurranse i dei olympiske leikane i PyeongChang, nemleg fellesstart.

Fellesstarten går over 16 runder med tre innlagte spurter kor dei tre første løparane plukka med seg henhaldsvis tre, to og eitt poeng. I mål fekk dei tre første seksti, førti og tjue poeng.

Dei åtte med flest poeng kvalifiserte seg til finalen. Sverre enda på niande plass i si semifinale med to poeng etter å ha vore nummer tre på den andre og tredje sprinten. Det heldt ikkje til å ta seg vidare.

– Det var mykje kaos og eg var på ein måte ikkje klar over kor mange poeng eg trengde for å komma til finalen.

– Eg var ikkje heilt klar over kva som ville helde. Det er litt surt etterpå, men eg var dyktig sliten på slutten, så eg veit ikkje om eg ville klart det likevel, fortalde Sverre til VG etter løpet.

Dermed kan Sverre, trass alt, sjå tilbake på eit særs godt OL med bronse på 5000 meteren og gull på lagtempoen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.