I helga blir verdscupen arrangert i Sørmarka Arena i Stavanger, og nordmenna gjer det skarpt på heimebane. Fredag vann Håvard Holmefjord Lorentzen både 500 og 1000-meteren. I dag følgde lagkompis Sverre Lunde Pedersen opp med å vinna 1500-meteren med tida 1.45.07.
– Det var heilt konge frå start til mål. Eg hadde ei sisterunde ingen kunne matche. Eg fann roen og klarte å gå bra på skøyter, sa Lunde Pedersen til NRK etter løpet.
Lover bra for sesongen
Sigeren i Stavanger var Sverre sin første siger på nesten tre år. Sist han vann 1500-meteren i verdscupen var i Seoul 21. november 2014.
– Det her betyr ekstremt mykje og lovar veldig bra for det som skal skje seinare i vinter, sa Sverre.
Sindre Henriksen tok tredjeplassen og kom for første gang på pallen i eit verdscupsløp med tida 1.45.37. Mellom dei to nordmenna sneik Joey Mantia frå USA seg med tida 1.45.28.
Søndag er det 10 000-meter i Stavanger.