Swinga i kyrkja
Det blei god gamaldags 70-talsstemning då Os kyrkja inviterte til gospelnight fredag kveld.
Det blei eit variert program då Os kyrkja inviterte til gospelnight fredag kveld. Frå ungdommar i JoinUs og konfebandet til Leif Østrem, Hallgeir Bjørnevik og Fonos. Til å bakke det heile "gamlekara" i Ont i ryggen.
Omlag 150 personar fann vegen til kyrkja denne kvelden. Mange av dei konfirmatar som skulle vera med, eller som manglar nokre timar undervisning, men òg ein god del av dei som hugsar tilbake til då gospelnights var eit meir vanleg arrangement.
- I Gloppen, kor eg kjem frå er det country, her på Os er det framleis gospel som gjeld, helsa kveldens konfransier.
Det heile blei bunden saman av ei fin blanding av nytt og gamalt gjennom Hallgeir Bjørnevik, Leif Østrem, Martin Herfjord og Madeleine Midtsæter.
Kveldens kollekt gjekk til Ingvild og Roar Evjedal sitt misjonsprosjekt i Barrow Inferness i England kor dei håpar å starte eit band i ungdomsarbeidet dei driv. Til det fekk dei eit bidrag frå kveldens publikum slik at instrument kan kjøpast inn.
Sjå klipp frå konserten nedanfor (3 min, 11 sek. Foto: Andris Hamre)