Sport | 16. okt. 2018

Sykkelkids til Os for første gong

53 elevar blei i dag testa i teori og praksis for å bli godkjent syklist.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 16. okt. 2018 13:05

I finvêret tysdag rigga Sykkelkids frå sykkelforbundet seg til på grusplassen i Os sentrum.

– Sykkelkids er eit prosjekt som har vore mykje brukt av skular i bergensområdet. Os barneskule søkte om tilbodet, og var heldige som blei første skulen i Os til å prøva dette, seier kontaktlærar Bjørn Steinbakk.

Det var 53 elevar frå femte trinn ved Os barneskule som i dag var i elden. Etter juleferien har elevane lov til å sykla til og frå skulen, i dag blei dei førebudd og testa.

Opplegget består av både teori og praktisk sykling.

– Prosjektet er tenkt å vara til ut 2020, fortel Steinbakk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.