Ulykka har skjedd i rundkøyringa ved Meny. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Syklist påkøyrd av lastebil

Sendt til Haukeland i ambulanse etter samanstøyt i rundkøyring.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Ein syklist blei skadd i samanstøyt med ein lastebil torsdag ettermiddag.

Midtsiden fekk tips om ulykka klokka 15.20. Tjue minutt seinare fortalte politiet at ulykka skjedde i låg fart, og at syklisten var køyrd til Haukeland i ambulanse.

– Vedkomande, ein mann i 60-åra frå Bergen, var bevisst. Men han hadde nokre skadar, seier politiet på staden.

Ulykka skjedde i rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen.

– Lastebilen kom frå Bergen og skulle mot Svegatjørn og vidare til Halhjem. Bilførar er ein mann i 50-åra. Det er ikkje mistanke om promille, og det er heller ikkje tatt beslag i førarkortet hans.

– Det er førebels uklart kva retning syklisten hadde, men det kan sjå ut som om han òg kom frå Bergen og skulle mot Halhjem.

 

 

Fleire saker