For syklistar og familiar
Os Rundt 1. mai: I dag går påmeldingsfristen ut for dei som vil sykla turrittet. – Men dei som vil ta den korte løypa med familien kan berre stilla til start, seier Leif Erik Garvik.
Anten du vil testa formen før Bergen-Voss med 42 kilometer rundt Os eller ta eit trimritt med familien med 15 kilometer rundt Ulven; tysdag formiddag 1. mai er det tid for årets Os Rundt.
– Kanskje passerer vi 200 deltakarar for første gong, seier Leif Erik Garvik frå sykkelklubben i Os, CK Henie.
Klassikaren Os Rundt blir i år arrangert for 33. gong.
Vil ha fleire med på den korte turen
– Vi har halde oss på rundt 170-180 deltakarar dei siste åra. Sykkelinteressa ser ut halda fram med å auka, men det burde kanskje vera på trimrittet det var lettast å få med fleire.
– Det verkar nesten som om ikkje det er mange nok som veit om den korte, fine løypa.
I fjor var det cirka 150 syklistar som sykla den lange løypa, berre rundt 20 sykla den korte, som tilsvarar å sykla Ulvenmarsjen.
Starten er som vanleg på Os Gymnas klokka 10. Begge løypene går ned mot Os sentrum, ut mot Skeie og tilbake over Ulvensletta, men turrittet (42 km) held fram over Fanafjellet og tilbake over Hamre, Kaland og Søfteland.
Trimrittet går frå Ulven ned til Byvegen og tilbake til mål på gymnaset.
– Førebuing til Bergen-Voss
Os Rundt er eit av tre ritt CK Henie arrangerer. Søndag om ei veke, 6. mai, er det Gullfjellet Rundt (85 km). Dette blir arrangert saman med Fana IL sykkel og har start i Fana og mål på Fanafjellet.
Neste CK Henie-ritt er Ulven Tempo tysdag 5. juni.
– Os Rundt og Gullfjellet Rundt er fine turritt for dei som vil førebu seg på Bergen - Voss 2. juni, seier Garvik.