Lokal | 28. nov. 2012

– Syklisten sin feil

CK Henie-formannen fortel om uaktsam bilist. Bilisten fortel ein heilt annan versjon.

– Syklisten sin feil
Episoden på Nore Neset er politimeldt. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. nov. 2012 20:28

Onsdag blei Midtsiden kontakta av formannen i CK Henie, Leif Erik Garvik, som var rysta over haldningane til enkelte bilistar, spesielt vedkomande som var involvert i trafikuhellet på Nore Neset måndag ettermiddag.

Han fortel om ein bilist som pressa syklisten, som også er styremedlem i sykkelklubben, så han ramla. Etterpå skal bilisten ha stukke frå staden.

Les òg: – Kva i helvete driv du med?

– Saka er heilt feil framstilt, fortel kvinna i bilen, som her forklarar sin versjon:

– Sambuaren min kjørte, ikkje sonen min, men det er rett at det var øvelseskjøring. Vi kjørte frå Hagavik mot Irgenskrysset og kjørte forbi ein syklist før vi kom til skulen. Ved skulen var det ein bil som skulle ut på vegen, ein bil vi hadde vikeplikt for.

– Vi stoppa, men det gjorde ikkje syklisten, som då tok oss igjen. Han suste forbi og var nær på å kjøra i bilen som også syklisten hadde vikeplikt for. Då var då sambuaren min tuta med hornet, for å åtvara syklisten.

– Slo i speglet så ungane skvatt

Då sambuarparet tok igjen syklisten skulle kvinna ropa etter han for å minna han på at også dei med to hjul må følgja trafikkreglane.

– Då vi nærma oss så vifta han med handa. Eg opplevde det som om han slo etter meg, så eg trekte meg unna. Då trefte han speglet på bilen så det dunka.

– Ungane våre sat i baksetet og byrja å grina av frykt, fortel kvinna.

Alt bråket distraherte bilføraren nok til at han kjørte i autovernet.

– Bilen blei skadd, og då vi kjørte i autovernet blei det heller ikkje noko luke til syklisten, så han kjørte også i autovernet.

Kjørte ikkje frå staden

Etter samanstøytane gjekk bilføraren ut av bilen.

– Han var sint, men han sjekka også korleis det gjekk med syklisten. Han reiste seg opp og sa det gjekk fint. Vi fekk namnet hans og kjørte vidare.

Kvinna seier mannen sjølv, altså bilføraren, ringte til politiet for å fortelja om episoden.

– Det er trist at det gjekk som det gjekk både med syklisten og med bilen vår, men det er i alle fall ikkje berre den eine si skuld, syklisten var langt ifrå varsam, meiner kvinna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.