Sport | 15. juli 2012

Sylta fekk også fisk

Laksefiske i Oselvo: Kampen om årets Oskar kan bli hard.

Sylta fekk også fisk
Henrik H. Sylta med laksen tatt klokka 02.08. Laksen vog 4,5 kilo og var tatt i Kremretten. (Privat mobilfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2012 11:24

I natt opna fiske i Oselvo, og den første fangsmeldinga vi fekk var Tor Åge Thuen med to laks tatt i Kremretten, den første på 6,5 kilo klokka 02.10, den andre på 5,5 kilo klokka 05.30.

Spørsmålet var om dette var sesongens første fangst, svaret fekk vi på tekstmelding frå fiskar Leif Juvik etter ei kort stund.

– Eg har fått melding frå Henrik H. Sylta, som tok ein laks klokka 02.08 i natt, fortel Juvik.

Laksen vog 4,5 kilo og blei som Thuen sine tatt i Kremretten.

Om det var få fiskarar nedst i elva var det mange som prøvde seg i Kremretten, altså over sone 5.

– Eg var oppe og hadde plan om ta nokre kast med spinner, men det var så mykje folk at eg lét det vera.

Vi har førebels ikkje fått stadfesta om Sylta sin laks er første av medlem, altså årets Oskar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.