Syng sommaren inn

Frode Vidars kjem med plate, og byr på minikonsert med smakebete i form av sommarlåta "Flickan från Søderhavn". Høyr låta her.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. mai 2009 - 8:30

Det var livleg rundt Frode Vidars i haust. Frode Sirevåg og Vidar Mæland gjorde ein sprø idé til tre låtar og ein musikkvideo i ekspressfart, og song jula inn på ein stemningsfull konsert med venar på Peppes.

I vår har dei fremja "Komma Carolina" som årets russelåt, no er dei klare med "årets sommarlåt", skriv Frode Sirevåg i ei pressemelding.

Fredag 15. mai skal dei synga sommaren inn, også det på Peppes, også det med andre artistar og gratis inngang.

Sommarlåta heiter "Flickaan från Søderhavn", og er ein smakebete på albumet dei skal ut med til sommaren.

HER KAN DU HØYRA LÅTA:

Les meir om

Artistar Kultur