Kultur | 28. apr. 2011

«Ta med det du har...

...og kom som du er» er mottoet når Os skysslag inviterer til Ulven-marknad laurdag.

«Ta med det du har...
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2011 08:27

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

I fjor stilte omlag 80 utstillarar med mykje spennande krims krams for dei med samlemani. Alt frå bildelar og gamle militæreffektar til gamle fat, vinylplater og leiker var på finne på parkeringa framfor Os Vidaregåande skule.

Sjå bileter frå i fjor i bildeserien ovanfor.

- Dette er jo i utgangspunktet ein delemarknad for veteranbilentusiastar, men det har jo ein tendens til å hopa seg opp litt hos folk som liker å ta vare på gamle ting, seier primus motor Gustav Bahus.

Dei første åra marknaden blei arrangert held dei til på Ulven, derav namnet. Etterkvart som marknaden blei meir kjent og fleir kom til blei plassen på Ulven for liten og dei flytta difor til Os Vidaregåande skule i samband med fjorårets marknad.

Strålande vêr

Første året på den nye plassen blei ein suksess, om enn ikkje med heilt topp vêr.

Laurdag tyder meldingane derimot at også vêret skal vera på utstillarane si side då det er meldt om 10-12 gradar, flau vind og lettskya.

Ulven-marknaden er gratis og startar tidleg. Allereie kl 07 vil dei første utstillerane vera på plass. Marknaden varer fram til kl 17.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.