Lokal | 02. apr. 2019

– Ta registreringsnummeret og meld ifrå til oss!

Mens elevane skulle heim frå skulen, fekk politiet melding om stygg køyring på Hegglandsdalsvegen.

– Ta registreringsnummeret og meld ifrå til oss!
Hegglandsdalsvegen:  I går fekk politiet tips om stygg køyring – Vi kjem til å patruljera denne vegen ekstra frametter, fortel politioverbetjent Anne Lyssand. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 02. apr. 2019 08:14

Politioverbetjent ved Os Lensmannskontor, Anne Lyssand, fortel at litt over klokka halv tre i går ettermiddag ringde ein fortvila person til politet og melde om stygg køyring og høg fart på Hegglandsdalsvegen.

– Personen var ekstra uroa over at denne adferda gjekk føre seg i same tida som skulen slutta av dagen. Vi rykte ut, men fann ikkje noko å reagera på.

– Meld ifrå!

Lyssand fortel at politiet er klar over utfordringane langsmed Fv. 137, og at dei ser alvorleg på slike meldingar.

– Vi vil auka patruljeringa i området, og eg vil oppmoda publikum til å melda ifrå til oss om dei ser noko dei meiner ikkje er god køyring.

– Det beste du kan gjera er å ta registreringsnummeret eller gje oss ei god beskriving av køyretøyet - vi må ta dei på direkten, men med ei god beskriving veit vi kva vi skal sjå etter, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.