Lokal | 03. mai 2010

- Takboksen flaksa av

Tre bilar og ein tilhengar blei skadd i kjedekollisjon på Halhjemsvegen måndag ettermiddag.

- Takboksen flaksa av
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. mai 2010 18:17

Bildeserie:

1 av 5

Måndag i 18-tida kolliderte tre bilar på Halhjemsvegen. Alle hadde retning Halhjem, men to av bilane hadde stoppa opp fordi den fremste skulle svinga av mot Lunde og Lekven.

- Eg såg at det kom til å gå gale, og det var litt av eit syn, seier føraren av bilen som kom bak den som ikkje klarte å stoppa.

- Det såg ikkje ut som om han bremsa i det heile tatt. Bilen i midten hadde tilhengar og takboks. Tilhengaren vrei seg over på sida og takboksen med takgrind flaksa av bilen.

Ein i kvar bil
Ingen personar skal ha blitt skadd i kollisjonen. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut. Brannvesenet måtte rydda noko oljesøl etter ulykka.

- Det var éin person i kvar av bilane. Dei hadde ingen ytre teikn til skade, men førarane var til legevakt for sjekk etter ulykka fortel politibetjent Kjetil Barmann.

Det skal ikkje vera mistanke om promillekjøring. Politiet har førebels heller ikkje tatt beslag i nokre førarkort etter ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.