Lokal | 24. feb. 2010

Taket gav etter

Os kommune ber huseigarar sjekka taka sine. På Kuventræ skule har eit tak allereie fått seg ein knekk.

Taket gav etter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 11:31

Bildeserie:

1 av 2

Os kommune oppfordrar i dag huseigarar å sjekka taka sine, og helst få fagfolk til å moka. Ein av dei kommunale bygningane i Os, Kuventræ skule, har allereie fått kjenna på kreftene til snøen.

Svalgangen mellom skulebygningane gjer at lærarane kan gå tørrskodd frå pause til time, men det flate taket har fått seg ein knekk.

- Vaktmeisteren vår tar vedlikehald av dette taket frå år til år, og har moka det etter tidlegare snøfall. Men nyleg gav delar av taket etter for vekta av snøen, seier rektor Per Olav Sørås.

Då dei tilsette merka at taket svikta var vaktmeisteren rask med å få nye støtter på plass. Området der taket har gjeve etter er også sperra av.

- Denne svalgangen er gamal og svak, den burde blitt riven og erstatta av ny, meiner Sørås, som håpar resten av taket held seg oppe til snøen er vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.