Takk for no!
Det blir mykje sol også denne veka, men varmen forsvinn nesten like brått som den kom.
Tidleg, og med full klaff pinsehelga, kom sommaren til Os og Vestlandet.
Men éi veke med temperaturar over 20 gradar var det vi fekk i denne omgang, no skal temperaturen ned cirka 10 gradar.
Storm og Yr er eininge om at det no skal bli kaldare, 16 gradar måndag og 12-14 gradar frå tysdag og ut veka.
Men dei er også einige i at det blir lettskya ut veka til og med laurdag. Tysdag kan det til og med bli skyfritt.
Yr trur det blir opphaldvêr også i denne perioden, Storm melder nokre dråpar nedbør torsdag og fredag. Desse dagane er det også venta litt meir vind, 9-10 m/s.
Søndag og måndag er det venta nedbør ifølgje både Yr og Storm.