Takk for tillit!
LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Det er med stor audmjuking eg takkar for tillita ved kommunevalet.


Det er med stor audmjuking eg takkar for tillita ved kommunevalet. Å koma frå sisteplass til niandeplass gjer godt for ein som har vore med lenge i Os-politikken.
Det har gått mykje vaffelrøra og kaffi i denne valkampen.. Eg har fått lov å treffa mange flotte osingar og andre frå andre kommunar. Dette har vore gjevande. Gode diskusjonar! Og mange gode innspel som eg tar med meg vidare både lokalt og nasjonalt.
Det at og no Høgre og FRP er samd om eit vidare samarbeid er godt og viktig for den vidare framtida til kommunen.
Sjølv om eg er på Stortinget så vil eg prøva å møta så ofte eg kan. Men uansett så vil eg kunna vera med i dei ulike diskusjonane og avgjerdene ein tar til det beste for Osbygda.
Så takk til alle!