Lokal | 19. des. 2011

Takka med konsert

Video: Søndag fekk dei kvar sitt stipend på 10.000 kroner. Feiringa tok dei med konsert i Vognhallen.

Andris Hamremandag 19. des. 2011 08:26

Arne Mæland oppretta i fjor eit fond for å støtte unge kunstnerar i Osbygda. Då han skulle dele ut stipende i år, såg han fort kven som burde få det og fekk med seg Sparebanken Vest og Os kulturutvikling på laget.

- Eg ville gje stipendet til dei tre songarane Bjørn-Erik Ulvatne, Gustav Navas Hasfjord og Martin M. Herfjord.

- For at det skulle bli litt på kvar av dei fekk eg med meg Sparebanken Vest og Os kulturutvikling slik at vi kunne gje kvar av dei 10.000 kroner i gåve, fortalde Arne Mæland før utdelinga i Vognhallen søndag.

Dei tre solistane spelte alle sentrale roller i folkeoperaen Havfest som opna kulturhuset Oseana i sommar.

Martin M. Herfjord studerer song på Griegakademiet, Bjørn-Erik Ulvatne er elev ved Royal College of Music i London og Gustav Navas Hasfjord studerer ved Guildhall School of Music & Drama, også det i London.

Sjå Arne Mæland si helsingstale til dei tre og høyr dei tre framføra «Have yourself a merry litle christmas» i kulda i Vognhallen (5.49, foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.