Lokal | 02. juni 2015

Takka nei til to tilbod

– Vi må ta prosessen på ein annan måte, seier Tor Inge Døsen om den planlagte skjerminga av Os hamn.

Takka nei til to tilbod
Dei grøne og lilla er bølgedemparar, dei store blå felta er den komande innseglinga til Os hamn. (Skisse: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juni 2015 11:29

I kommunestyret i desember gav politikarane 21 millionar kroner til å skjerma hamna og etablera bubilparkering på Haugsneset.

I mars fortalte ordførar Terje Søviknes at den første av dei nye bølgebrytarane no skulle bestillast.

– Vi legg ut to anbod, eitt på bygging av sjølve bølgjebrytarane og eitt på festing av desse, fortalte han.

Men til deltakarane på lunsjmøtet med Os Næringsråd måndag sa han at Os kommune no hadde måtta ta eitt steg tilbake.

Mangla dokumentasjon

Prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen, fortel at det kom to tilbod, men at begge var for dårlege.

– For det første var prisen feil i forhold til det som er sett av, for det andre hadde dei ikkje levert dokumentasjonen vi ba om.

– Må vera trygge på at det fungerer

Døsen seier at konsulenten som har utarbeidd anbodsgrunnlaget no skal undersøka pris på prosjektering av heile skjermingsanlegget til hamna.

– Målet er at vi får utarbeidd dette i forkant av neste anbodsrunde. Som del av prosjekteringa blir det testing i modell, anten hos Sintef eller ved tilsvarande kompetansemiljø i Hirtshals i Danmark.

– Det viktigaste for oss er at vi, når vi kjøper noko, er trygge på at det fungerer som venta. Får vi dette prosjektert så kan vi gå ut med eit anna anbodsgrunnlag, då blir det berre prisen som avgjer når tilboda skal vurderast.

Døsen seier det førebels ikkje ser umogleg ut å få den første bølgedemparen ut i løpet av 2015, men det blir uansett seinare enn dei hadde håpa på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.