Sport | 18. okt. 2016

Takkar morfar etter nok ein god sesong

Team Kristian og Team Karoline runda av på beste vis og ser allereie fram til 2017.

Takkar morfar etter nok ein god sesong
Karoline og Kristian takka morfar Håvard Gåssand for nok ein god sesong. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. okt. 2016 07:13

Sesongen er over for dei etterkvart så mange motorsportutøvarane i Os.

Midtsiden samleside: Motorsport

Karoline Breivik har køyrd rallycross med «gamlebilen», toyotaen, i NM-rundane, og med morfar sin Volvo EVO med 340 hestekrefter i lokale løp for trening.

I første NM-runde gjekk det rett til A-finalen, med volvoen har det blitt mykje god trening. I sesongavsluttinga var det lokalt løp og ingen konkurrentar i klassen over 2,4 liter (Karoline har 2,9).

– Dermed blei det siger. Men eg fekk køyra med dei i klassen under, så det blei meir lærerikt. Eg har blitt godt kjent med volvoen og er klar for full NM-sesong i den største klassen i 2017, fortel Karoline.

Kristian til A-finale for første gong

Kristian Breivik Gjøen køyrde i år sin andre sesong med bilcross.

Sesongavsluttinga blei hans beste løp til no.

– Kristian køyrer berre betre og betre. Han blei for første gong kvalifisert rett i A-finalen med 5. spor og enda på 4. plass.

No skal bilen oppgraderast noko før neste sesong.

–Vi er veldig nøgd med 2016 og utruleg takksam for alle timane morfar (Håvard Gåssand) bruker på at vi skal kunna halda på med denne sporten! Han er den beste!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.